Gå til innhold

41 Da Jesus kom nærmere og så byen, gråt han over den

Bibelselskapet

Foto: Bibelselskapet

– Kom til tru då eg las Bibelen

12. januar 2017. Tekst og foto: Bibelselskapet

Vi møter tre unge kristne i ein by i Sentral-Asia. For at det ikkje skal vekkje oppsikt at vi møtest, tek dei oss med på omvisingar til historiske stader i og omkring byen. Vi set oss ned på ein kafe for å smake den fantastiske nasjonale maten. Innimellom, når ingen av kelnarane står ved bordet vårt, fortel dei tre unge kristne korleis dei sjølve kom til tru.

«Aziz» og «Latifa» er eit ektepar i trettiåra. Dei har to døtrer. «Anvar» er midt i 20-åra. Han er også gift, men har enno ikkje barn. Alle tre vart med i den same forsamlinga då dei var i 20-årsalderen.

– Vi kom frå «den andre» bakgrunnen og heldt det difor hemmeleg at vi var kristne. Foreldra våre ville ha kasta oss ut dersom dei fekk vita det.

Men då tryggingspolitiet kom og fortalde det til foreldra, byrja problema.

– Dei ville ikkje tillate at vi gjekk i kyrkja, og dei sa at vi måtte gå der resten av familien gjekk. Vi måtte følgje tradisjonane til familien.

Eit viktig omskifte i haldninga til foreldra skjedde då borna til broren til Aziz vart sjuke.

– Bror min og kona hadde tvillingar på eitt år som var sjuke, og legane sa at dei kom til å døy. Foreldra fekk beskjed om å koma og hente borna på sjukehuset så dei kunne døy heime. Dei måtte òg skrive under på dokument som sa at dei ikkje ville halde legane ansvarlege. Så drog dei heim og skulle vente på at borna døydde.

– Men vi bad dei med til kyrkja, der vi heldt forbøn for dei, og tvillingane vart friske og overlevde. I dag går dei i niande klasse og er så friske at dei er eit levande vitnemål. No er både familien og heile slekta overtydde kristne og går i kyrkja.

Dette vart punktet som overtydde foreldra til Aziz.

– Det var mor mi som kom først til tru. Far min gjekk først ikkje i kyrkja,og han drakk tett. Men også han vart sjuk og vart beden for. Han vart frisk, og no går også han i kyrkja.

Foto: Bibelselskapet
Foto: Bibelselskapet

Dottera til Aziz og Latifa hadde eit verkande sår under auget. Legane sa at dei måtte operere, og at dei ikkje kunne lova noko om utfallet.

– Kvelden før kom ein lokal pastor innom, og han føreslo at vi skulle be. Neste dag var verken borte. Då dei kom til sjukehuset, sa legen: «Kva har de gjort? Dette kan ikkje løysast utan med kirurgi!»

Då det kom ut at dei var kristne, byrja heile landsbyen å unngå dei, og nokre var aggressive.

– Men no er vi akseptert. Etter tre-fire år såg dei at vi ikkje kom til å skifte meining, men at vi heldt fram med å gå i kyrkja. Då roa det seg.

Anvar på 25 år fortel korleis han kom til tru:

– Eg kom til tru då eg las Bibelen. Då eg fekk min første bibel, vart eg så ivrig at eg ikkje kunne slutte å snakke om det som stod der, til slektningane mine. Eg sa at denne boka var sanninga og var svært brennande.

– Eg høyrde evangeliet frå Aziz, og han gav meg først ein russisk bibel. Men sidan eg ikkje skjønar russisk så godt, bad eg til Gud om å få ein bibel på mitt eige språk.

– Eg var så tørst etter Guds Ord at eg las når som helst, ofte om natta. Eg kunne ringe Aziz med spørsmål, og då eg såg på klokka, kunne ho vera over midnatt - eg gløymde heilt klokka. Vi møttest og sat og snakka til klokka var eitt om natta.

– Syster mi kom òg til Kristus. Ho spurde etter ein bibel, og eg gav min til henne. No hadde eg ingen bibel, og eg bad til Gud om å få ein bibel på mitt eige språk, også til syster mi - det ville ha så mykje å seia for oss!

– På denne tida gjorde eg teneste i ungdomsarbeidet. Ei kvinne kom og hadde mange spørsmål. Vi snakka saman, og ho sa at ho hadde nokre nytestamente til overs. Eg var overlukkeleg då eg og syster mi fekk.

– Seinare den same dagen såg eg eit nytestamente i ein vanleg bokhandel - eit mirakel! Eg kjøpte det og hadde no tre nytestamente! Dette var eit svar på bønene mine.

Har Anvar råd å koma med til ungdom i Noreg?

– Først av alt vil eg seia at det er eit STORT privilegium å ha Bibelen, ordet frå Gud som skapte himmelen og jorda - at han talar til oss gjennom Ordet.

– Eg vil tilrå at ungdom i Noreg les det som står i Ordtaka, seier Anvar.

– Det er visdom for ein ungdom, så han ikkje snur ryggen til trua når han blir gammal.

Kva vil dei seia til dei norske gjevarane som støttar bibelarbeidet i Sentral–Asia? Anvar svarar:

– Dersom Bibelen ikkje hadde vore omsett og gjeven ut i landet vårt, ville vi aldri ha høyrt om Jesus eller vorte fødde på nytt, men vorte verande i den gamle trua. Vi er så takksame for støtta til bibelarbeidet her i landet.

– Når vi fortel livshistoria vår til deg, er det også oppmuntrande for oss, for vi blir minna på alt det Gud har gjort for oss. Det er så lett å gløyme det.

Aziz har vorte truga med fem års fengsel for å dele evangeliet med andre.

– Difor er det no berre med mitt eksempel eg kan vitne for andre. For når dei spør: «Kva er det som har skjedd med deg?» - då kan eg svara.

– Aziz rørte ved hjartet mitt, seier Anvar.

– Eg arbeidde ved eit ungdomssenter. Aziz kom og spurde om eg kunne lære han om data, endå det viste seg at han kunne det frå før. Vi vart vener og enda med å prate saman om trua i fire-fem timar. Alt må skje gjennom venskap og personleg kontakt.

Kva sa familien din då du vart kristen?

– Eg levde ikkje rett og oppførte meg ikkje bra. Då mor høyrde at eg hadde vendt om til kristen tru, sa ho at eg måtte flytte heimanfrå. Eg visste at dette kom til å skje og gledde meg over det, for eg visste at vi må lide for trua på Kristus. Men då ho såg kor forandra eg vart og det nye livet eg levde, var ho ikkje imot omvendinga mi lenger.

For å verne dei kristne vi har intervjua, anonymiserer vi både namna deira og landet dei bur i.

Foto: Yurii Petrenko
Foto: Yurii Petrenko

Frykten for å bli kristen

Frykten for ikke å få en verdig begravelse holder mange eldre tilbake fra å bli kristne. For kristne nektes ofte begravelse i lokalsamfunnet - eller så vil hele landsbyen holde seg borte fra begravelsen. I Sentra-Asia er dette noe av det verste som kan skje.

For mange utgjør dette den største frykten for å bli kristen. Derfor er det mange, særlig eldre, som holder hemmelig at de blir kristne. Omkostningene både for dem selv og for familien vil være svært store dersom de åpent bekjenner sin nye tro.





Tilbake til innholdsoversikten