Gå til innhold

44 Så sa han til dem: «Det var dette jeg talte om da jeg ennå var sammen med dere og sa at alt måtte oppfylles som står skrevet om meg i Moseloven, hos profetene og i Salmene.»

Den ferdige datafila med det reviderete Pere NT og Salmer sendes til Korea for trykking.

Foto: Den ferdige datafila med det reviderete Pere NT og Salmer sendes til Korea for trykking.

«Gledesbodskapsboka» er ferdig!

12. januar 2017. Tekst og foto: Konstanse og John Gunnar Raen

«Då trykker eg på tasten og lar det gå!» IT-konsulent Passinri på Bibelselskapet i Yaounde (Kamerun) kasta eit spørjande augekast til omsetjaren, Ahidjo Albert, og meg. Vi nikka tause; måtte det no vere godt nok! Dermed vart siste utkast lasta opp til serveren til United Bible Societies. Derifrå skulle trykkeriet i Sør-Korea hente det ned for trykking, og så sende bøkene til Kamerun med båt.

Revisjonen av Det nye testamentet og Salmane på Pere-språket tok meir tid og var meir innfløkt enn vi tenkte då vi starta. Perekomiteen tok kontakt med oss i 2011, fordi det første opplaget av Pere-nytestamentet var utselt. Då trudde vi at vi berre kunne gjere eit nytt opptrykk av den teksta dei hadde. Men denne gongen skulle Salmane vere med,for det hadde vore eit sterkt ønske om det heilt sidan Salmane var klare til trykking rundt år 2000.

Store endringar i språket

Revisjons–teamet Didma Etienne, Ahidjo Albert, Konstanse og John Gunnar Raen.
Revisjons–teamet Didma Etienne, Ahidjo Albert, Konstanse og John Gunnar Raen.

Men etter første besøk i Gadjiwan skjøna vi det ville bli ein meir omfattande revisjon enn først tenkt. På dei vel tretti åra som var gått sidan første utgåva av nytestamentet var gitt ut, hadde ein ny generasjon vakse opp, og både språket og språkkjensla hadde endra seg.

Den første generasjonen av kristne vi jobba med, var skeptiske til å bruke uttrykk og ting som var knytt til den gamle trua deira, men no var det motsett. Dei unge ville tilbake til røtene og såg ingen problem med å bruke uttrykk frå deira gamle gudstru og offerpraksis.

Dermed blei det eit større arbeid med utskiftingar av ord og uttrykk og nye rundar med kontrollar, for å sikre at alle godtok endringane. I staden for ein enkel jobb på eit til to år blei det fleire opphald i Kamerun over ein periode på nesten fem år.

Den forsvunne Salmeteksten

Vi trudde først ikkje det kunne vere sant, men det viste seg at datafilene med Salmane som vi hadde gjort ferdige rundt år 2000, var forsvunne. Bibelselskapet hadde hatt datakrasj, og maskina på Pere-senteret var skifta ut - utan at det var lagra ein kopi av innhaldet.

Det einaste som fanst, var nokre sundrivne og skitne datautskrifter som hadde blitt brukt til kontroll og høgtlesing i kyrkja i 1990-åra. Det var eit detektivarbeid å leita opp det som enno fanst rundt i forskjellige hus, og så sette det saman. Både kakerlakkar og mygl hadde gjort sitt beste for å øydelegge. Og alt måtte skrivast inn og sjekkast på nytt!

Lesekampanje

Sangbok og bibel er alltid med i kyrkja.
Sangbok og bibel er alltid med i kyrkja.

At det tok meir tid enn vi tenkte, hadde òg sine fordeler. Det gav oss sjansen til å setje i gang ein lesekampanje for nye lesarar. Det var mange unge som mangla opplæring. Frå Lærernes Misjonsforbund fekk vi litt støtte til kurs, materiell og oppmuntringspremiar. Lesegrupper og konkurransar i grammatikk, tonar og høgtlesing har vore arrangert. Etter kvart er det delt ut nokre hundre diplom, og fleire vil no vere i stand til å lese bibelboka som snart kjem.

Bibel-innviing i april?

Når dette blir skrive, er dei ferdige bibelbøkene på veg med båt frå Sør-Korea til Kamerun. Og Pere-komiteen prøver å finne ein passande dato for bibelinnviing der katolske og lutherske kyrkjeleiarar kan bli med, saman med lokale styresmakter.

I slutten av tørketida (april) vil «Gledesbodskapsboka» bli tilgjengeleg for nye lesarar hos Perefolket.

– Takk for støtta!

Konstanse Raen var omsetjar då nytestamentet kom ut for første gong på Perespråket i Kamerun. No har ho vore med og gitt boka eit nytt og lengre liv, i revidert utgåve.

– Takk til alle som har deltatt med forbønn og gåver for å gjere det mogeleg! Takk til bibelselskapa i Noreg og Kamerun som har hatt ansvar for dataprogram, språkoppdatering og trykking, og til Det Norske Misjonsselskap som har gitt støtte til reiser og opphald i Kamerun.

Tilbake til innholdsoversikten