Gå til innhold

1 En mann som het Lasarus, var blitt syk. Han var fra Betania, landsbyen der Maria og hennes søster Marta bodde.

Pastor Gao Jian Wei (58) viser stolt fram Bibelen som tilhøyrde far hans.

Foto: Pastor Gao Jian Wei (58) viser stolt fram Bibelen som tilhøyrde far hans.

Ein gammal bibel

09. mars 2017. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

Den gamle boka er eit minne frå ei tid då det var sjeldan å sjå ein bibel i Kina. I dag er det 4000 medlemmar i kyrkja der det før var berre denne eine bibelen.

I april 1979 vart den gamle anglikanske kyrkja i Ningbo opna att etter Kulturrevolusjonen. Endeleg kunne dei gamle pastorane koma saman på nytt. Dei samla seg rundt den einaste bibelen som dei hadde att. Den hadde dei fått frå biblioteket i byen. Der hadde boka stått sidan ho vart konfiskert.

No måtte ein koma i gang att med gudstenester og møte. Det vart bestemt at den av pastorane som skulle preike neste sundag, fekk ta med seg Bibelen heim for å førebu seg. Alle gret av glede når dei kunne samla seg i kyrkja att og lesa frå den gamle bibelen.

Kyrkja har framleis denne bibelen, som pastor Gao Jian Wei (58) stolt viser fram. Bibelen tilhøyrde far hans, Gao Yuan Guang. Han var ein av dei gamle pastorane i kyrkja. Han var også professor ved bibelseminaret i Ningbo. Seminaret var grunnlagt før 1949 av amerikanske misjonærar.

– I dag er dei fleste kristne som levde under Kulturrevolusjonen, heime hos Herren, seier pastor Gao.

– Men den gongen var det luksus å ha ein bibel.

Bibelen var ei bannlyst bok under heile Kulturrevolusjonen (1966-1976). Raudegarden ransaka heimane til pastorar og andre kristne og tok alle biblane.

– Også denne Bibelen vart funnen av Raudegarden i heimen vår, seier pastor Gao.

– Men dei brende han ikkje, fordi det var ei så vakker bok. I staden sette dei han i biblioteket i byen.

Etter kulturrevolusjonen såg folk ved biblioteket at namnet til far hans stod i boka, og han fekk henne att. I dag er det ei stor kyrkje her. Og den største skatten er den gamle bibelen.

Kulturrevolusjonen

Kulturrevolusjonen var en voldsom politisk kampanje i Kina som begynte i 1966 og tok sikte på en gjennomgripende endring av samfunnet. Offisielt ble den avsluttet i 1976.

Under kulturrevolusjonen fant det sted omfattende utrenskninger i kommunistpartiet, forvaltningen og kulturinstitusjonene; universiteter og kirker ble stengt.

Sentralkomiteen lanserte i 1966 de såkalte rødegardistene, som en tid ble kulturrevolusjonens fremste forkjempere.

Et av kulturrevolusjonens kjennetegn var offentlig kritikk og ydmykelse av de personer som ble ansett for å være «fiender av folket».

Myndighetene har aldri gitt noen oversikt over dødsofre. Men partidokumenter har slått fast at over 100 millioner mennesker ble mer eller mindre skadelidende.

(Kilde: snl.no)

Tilbake til innholdsoversikten
Vær med og støtt bibelarbeidet i Kina!