Gå til innhold

6 Men da jeg var underveis og nærmet meg Damaskus ved middagstid, strålte det plutselig opp et lys fra himmelen rundt meg.

Ma Yi Lin, Guo Jiayi og Ma Xiao Han går på sundagskulen i lag. (Foto: Andrea Rhodes)

Foto: Ma Yi Lin, Guo Jiayi og Ma Xiao Han går på sundagskulen i lag. (Foto: Andrea Rhodes)

– Ein kopp vatn til å sløkkje ein brann

10. mars 2017. Tekst: Hans J. Sagrusten | Foto: Hans J. Sagrusten og Andrea Rhodes

Ved det kristne utdannings- og helsesenteret i Zhoukou er det både gamle biblar og eit mylder av sundagskuleborn. Men dei manglar bøker til alle borna. «Vi har ein kopp vatn til å sløkkje ein brann» seier pastor Ma.

Ma Xin leier eit kristent utdannings- og helsesenter i Zhoukou. Ved senteret er det både ein bibelskule, eit utdanningssenter for sundagskulelærarar og eit sjukehus for dei fattige bøndene rundt byen. Sjukebilen brukar dei også til å køyre ut biblar. For Bibelen er viktig for pastor Ma.

– Her i Zhoukou har vi distribuert 300 000 biblar dei siste åra. Men enno er det er 400 000 kristne som ikkje har ein bibel, seier han.

– Viss vi får fleire biblar til sjukehuset, kan vi gje fleire til pasientane. Då kan vi også ta med fleire biblar ut til folk på landsbygda.

20 000 gamle biblar skal bli eit bibelmuseum.
20 000 gamle biblar skal bli eit bibelmuseum.

Bibelmuseet

To hundre studentar går på bibelskule her. Men vegg i vegg møter vi eit vitnemål om ei anna tid: Pastor Ma viser oss eit rom som er fullt av gamle biblar. Omkring 20 000 gamle biblar har dei her. Den eldste er frå 1891. Det er sjeldan i Kina å sjå ein bibel frå før Kulturrevolusjonen. I dei harde 60- og 70-åra vart biblar konfiskerte og brende. Dei biblane som er her inne, er nokre av dei få som Kinas kristne klarte å ta vare på i forfølginga.

Dei gamle biblane er lesne i filler.
Dei gamle biblane er lesne i filler.

Her vil pastor Ma lage eit stort bibelmuseum. Det skal også ta vare på historiene om dei menneska som eigde desse biblane, som gøymde dei, tok vare på dei og las dei i filler.

Alle dei eldre kristne som har donert biblar til museet, har fått nye biblar frå Bibelselskapet. Det er gripande å tenkje på alle livshistoriene som ligg bak dei slitte bokryggane i det vesle rommet.

– Dei eldre er glade for å ha fått ein ny bibel, for dei klarer ikkje lenger lesa den gamle, som er fillete og stygg. Men dei vil heller ikkje kaste den gamle bibelen sin, så dei er glade for at museet vil ha han, seier pastor Ma.

Sundagskulerommet

– Og her er framtida!

Pastor Ma viser oss inn i eit stort barnerom. Her er fargerike små stolar og bord, og barnebøker med bibelhistorier, også dei i friske fargar. Nokre av bøkene på bordet er frå Bibelselskapet.

– Gjevarane i Europa som har betalt for bøkene, møter ikkje borna personleg. Men gjennom bøkene kan borna føle varmen frå dei, smiler pastor Ma.

– Vi skuldar dykk stor takk for desse bøkene. Men det er så mange kristne her i Zhoukou at behovet er mykje, mykje større. De har gjeve oss ein kopp med vatn til å sløkkje ein brann!

Ved senteret har seks tusen sundagskulelærarar fått opplæring dei siste åra. Etterpå reiser dei attende til dei lokale kyrkjene sine for å drive sundagskule der. Senteret støttar arbeidet i 1341 lokale kyrkjer rundt Zhoukou.

Xiao Shuqi er sundagskulelærar i Zhoukou. (Foto: Andrea Rhodes)
Xiao Shuqi er sundagskulelærar i Zhoukou. (Foto: Andrea Rhodes)

Xiao Shuqi er sundagskulelærar og underviser her tre timar kvar veke – Det er eit enormt behov for bøker med bibelhistorier, seier ho.

– Dette er ein drope i havet, seier ho og peikar på bøkene på bordet.

– I tillegg til bøkene frå Bibelselskapet har vi produsert noko materiell sjølv, seier pastor Ma og peikar på nokre bøker med oransje forside.

– Eg likar faktisk det lokale materiellet best, smiler Wee Seng frå Bibelselskapet.

– Dette arbeidet må vi berre støtte! seier bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen bestemt.

Artikkelen fortsetter nedenfor videoen

Nytt liv i gammal tradisjon

Pastor Ma vil la skjegget gro til den nye kirken er ferdig.
Pastor Ma Xin

Under Kulturrevolusjonen på 1960- og 70-talet skreiv dei kristne i Kina av Bibelen for hand. No vil pastor Ma Xin blåse nytt liv i den gamle tradisjonen. I alle kyrkjene rundt Zhoukou by skal dei kristne handskrive ein heil bibel kvart år. Alle som kan skrive, skal vera med. I kyrkja ved senteret i Zhoukou er dei alt ferdige med Markusevangeliet.

– Når folk skriv for hand, vil dei òg hugse innhaldet betre, seier pastor Ma.

– Slik viser vi også at Bibelen knyter oss saman. Det blir synleg at Bibelen ikkje berre er for éin person.

– Og dei som ikkje kan skrive, kan spørja andre i familien om å skrive for dei. Slik kan også familie og vener få eit møte med Bibelen!

Tilbake til innholdsoversikten
Vær med og støtt bibelarbeidet i Kina!