Gå til innhold

1 En bønn av David.

Vend øret til, Herre, svar meg,
for jeg er hjelpeløs og fattig!

I ei kyrkje på landsbygda i Henan-provinsen fekk vi vera med på utdeling av biblar frå Bibelselskapet. Kyrkja i Gangchalou ligg i Shansui-distriktet i nærleiken av byen Zhoukou i Henan-provinsen.

Foto: I ei kyrkje på landsbygda i Henan-provinsen fekk vi vera med på utdeling av biblar frå Bibelselskapet. Kyrkja i Gangchalou ligg i Shansui-distriktet i nærleiken av byen Zhoukou i Henan-provinsen.

«Endeleg er det min tur!»

09. mars 2017. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

Han har følgt oss med auga frå ein benk langt bak. Litt sjenert har han sett oss fotografere dei andre som har fått biblar. Men no sprekk andletet opp i eit stort smil. Han reiser seg, strekkjer ut hendene og går fram for å ta imot.

Eit par hundre menneske har samla seg. Nokre av dei har venta i mange år på ein bibel. Andre har ein bibel, men seier at «Denne skal son min få!» eller «Denne er til barnebarnet mitt!» Biblane blir tekne imot med store smil.

Vi får ikkje tak i namnet til mannen på biletet. Han blir borte for oss etter at møtet er over. Men gleda i andletet hans inspirerer oss til å halde fram det viktige arbeidet med å sørgje for at alle kristne i Kina kan få sin eigen bibel.

I dette nummeret av Bibelgaven kan du lesa om bibelarbeidet i Kina. I slutten av september 2016 var Bernt G. Olsen, Margrethe Lia og Hans J. Sagrusten frå Det Norske Bibelselskap på rundreise i Henan–provinsen i Kina, saman med kollegaer frå Danmark, Tyskland og England, og frå China Partnership Bible Society. Reportasjane i dette bladet er skrivne etter denne reisa.

Tilbake til innholdsoversikten
Vær med og støtt bibelarbeidet i Kina!