Gå til innhold

19 Men Guds grunnvoll står fast, og den har et segl med denne innskriften: « Herren kjenner sine», og: « Hver den som bekjenner Herrens navn, må vende seg bort fra urett».

Det er eit tungt og varmt arbeid for medarbeidarane ved lageret å laste biblane frå glovarme konteinarar over på lastebilen.

Foto: Det er eit tungt og varmt arbeid for medarbeidarane ved lageret å laste biblane frå glovarme konteinarar over på lastebilen.

– Alle blir glade når dei får biblar

27. november 2017. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

To unge menn er lagersjef og sjåfør for Bibelkommisjonen på Cuba. Det er dei som møter folk og overleverer biblar til kyrkjene på Cuba. Begge kan fortelja om stor glede blant dei kristne.

Randy Ramos Prado (27) har arbeidd ved lageret til Bibelkommisjonen i to år. På desse åra har han teke imot fleire hundre tusen biblar. Ved lageret blir dei lasta over på lastebil og køyrt ut til kyrkjene.

– Berre dei siste vekene har det kome seks store konteinarar med biblar. Det er trettiseks tusen biblar i kvar konteinar. Så det er meir enn to hundre tusen biblar til saman.

Randy og tre andre medarbeidarar driv og fyller opp lastebilen med biblar då eg kjem. Det er steikande varmt i sola, og endå varmare inne i dei tronge stålkonteinarane som er lageret til Bibelkommisjonen. Lastebilen skal snart ut til ein av provinsane like utanfor Havanna.

– Folk blir veldig glade når dei ser alle biblane, seier Randy.

– Det er mange som aldri før har sett så mange biblar på ein gong. Mange får lyst til å ta med seg fleire biblar enn dei eigentleg kan få. Men vi har eit system som sørgjer for rettferdig fordeling mellom kyrkjene.

– Kva tenkjer du om alle desse biblane som passerer mellom hendene dine?

– Arbeidet er hardt, og nokre gonger har vi ikkje nok biblar til alle som vil ha. Men alle blir glade når dei får biblar. Difor elskar eg arbeidet mitt.

Det er andre gongen eg er her ved lageret. Sist møtte eg ein katolsk biskop som hadde køyrt hundre mil for å hente biblar.

– No treng ikkje folk å køyre så langt, seier Randy.

– Vi har etablert eit distribusjonssenter i kvar av dei seksten regionane på Cuba. Både lastebilen og dei nye distribusjonssentra gjer det lettare å få biblane ut dit folk bur.

– Prosjektet «Ein million biblar til Cuba» er snart fullført. Men kva er inntrykket ditt - trengst det endå fleire biblar på Cuba?

Raul Martinez Guarra (28) har restaurert lastebilen og er sjåfør for Bibelkommisjonen.
Raul Martinez Guarra (28) har restaurert lastebilen og er sjåfør for Bibelkommisjonen.

– Å ja, mange fleire!

Raul Martinez Guarra (28) har arbeidd som sjåfør for Bibelkommisjonen i fire år. Han og ein mekanikar har brukt det siste året til å restaurere ein gammal lastebil som før var eit vrak.

– Det har vore ein lang og komplisert prosess. Vi er heller ikkje heilt ferdige. Det er framleis mykje som må reparerast før bilen fungerer slik han skal. Blant anna alt som har med komfort å gjera. Men alle er glade for at vi har fått bilen til å gå.

– Korleis reagerer folk ute i kyrkjene når lastebilen kjem?

– Alle blir glade! Dei takkar og lovprisar Gud når dei ser bilen. Dei ropar ut alt mogleg, både «Gud vere lova!» og «Halleluja!» Og så seier dei: «Ver så snill og få fleire biblar hit til Cuba!» Alle ønskjer å halde biblane i hendene sine, og alle vil gjerne ha fleire biblar.

– Så det er ein jobb med mykje glede?

– Ja - men òg med mykje hardt arbeid. Somme dagar regnar det, andre gonger er det ein glovarm dag som i dag. Og så hender det at bilen bryt saman på grunn av mekaniske problem.

– Kva er ditt håp for framtida?

– At arbeidsforholda våre skal bli betre, og at vi kan klare å få tak i ein betre bil - eller eit betre lager enn desse stålkonteinarane.

– Har du ei helsing til gjevarane heime i Noreg, dei som har vore med og betalt for biblane?

– Frå heile staben i Bibelkommisjonen helsar vi til dykk, og vi takkar dykk. Arbeidet vårt kan vera tungt og hardt mange gonger, men vi gjer alt vi kan for å hjelpe dei dei som treng ein bibel her på Cuba. Mange takk skal de ha!

– Fekk min første bibel då eg var åtte år

Randy Ramos Prado er lagersjef i Bibelkommisjonen
Randy Ramos Prado er lagersjef i Bibelkommisjonen

– Eg var åtte år då eg fekk min første bibel. Eg fekk han av bestefaren min, og eg har han enno. Bestefar skreiv ei helsing til meg i denne bibelen. Difor vart han ekstra kjær for meg.

– Dette er den bibelen eg framleis brukar. Sjølv om eg tek imot så mange nye biblar her på lageret, er det den gamle bibelen min eg brukar - ein tradisjonell bibel utan illustrasjonar.

– Kva seier bestefaren din om at du no arbeider i Bibelselskapet?

– Han seier at eg må sende han ein studiebibel som han kan bruke når han underviser i kyrkja si. For han har bibelundervising kvar veke.

Randy Ramos Prado (27), lagersjef i Bibelkommisjonen

Tilbake til innholdsoversikten
Gi en bibelgave til Cuba