Gå til innhold

19 Men Guds grunnvoll står fast, og den har et segl med denne innskriften: « Herren kjenner sine», og: « Hver den som bekjenner Herrens navn, må vende seg bort fra urett».

Dei kristne i Qaraqosh møtest no på nytt til gudsteneste i utbrende kyrkjer.

Foto: Dei kristne i Qaraqosh møtest no på nytt til gudsteneste i utbrende kyrkjer.

– No er den rette tida

14. februar 2018. Tekst: Hans J. Sagrusten | Foto: Wassim Keloonchy

Kyrkjene i Irak kjem for å bønfalle Bibelselskapet om biblar. Mange vender no heim att til øydelagde hus; også biblane deira er borte. «Dette er berre ein start» seier Nabil Omiesh.

Nabil Omiesh er leiar for Bibelselskapet i Irak. Då vi snakkar med han, er han på veg for å møte erkebiskop Nicodemus Daoud Sharaf i den syrisk-ortodokse kyrkja.

– Leiarane i alle kyrkjene kjem til oss no, for å bønfalle oss om biblar, seier Nabil.

– I første omgang skal vi dele ut ti tusen biblar før jul. Men vi treng mange fleire. Dette er berre ein start.

For no vender mange flyktningar heim att til byane sine.

– Dei store flyktningleirane ved Erbil er nesten tomme no. Etter frigjeringa har dei fleste vendt tilbake til byane sine. Men alt er brent og øydelagt - også husa deira. Ni og nitti prosent av dei husa som eg har sett, er brende. Så folk har ingen ting å koma heim til.

Mange har vendt attende til Qaraqosh, den største byen i Irak med berre kristne.

– Av om lag trettifem tusen kristne i byen er det tjue tusen som har kome attende. Men byen er heilt øydelagd. Desse familiane har mista alt, også alle bøker og biblar. Denne veka skal vi ha eit møte med kyrkjene i Qaraqosh, og då skal vi dele ut både biblar, barnebiblar og julegåver til borna, smiler Nabil.

– Erkebiskop Nikodemus Daoud seier til oss: «For å byggje opp att kyrkja vår, treng vi mykje slags materiell. Men det aller viktigaste er biblar. For vi har mista alle biblane våre.» Både han og dei andre biskopane kjem og bed meg om biblar til kyrkjene.

Det er stor interesse for materiell fra Bibelselskapet på bokmesse i Nord-Irak.
Det er stor interesse for materiell fra Bibelselskapet på bokmesse i Nord-Irak.

– Han seier: «Om vi treng møblar, kan vi gå til nokon andre, men når vi treng biblar, har vi ingen andre å gå til enn Bibelselskapet».

Absolutt alt i kyrkjene på Ninive-sletta er brent - også inventar, biblar og andre bøker - fortel Nabil.

– Hugs at ein bibel er full av personlege minne. Eg har sett kva folk skriv i biblane sine. Bibelen er noko veldig nært for dei. Men no har dei mista han.

– Her i Irak brukar vi Bibelen i gudstenesta. Under preika les vi frå Bibelen i lag, andre gonger les vi høgt frå Salmane, eller så er det veksellesing mellom presten og forsamlinga. Folk har med seg bibelen i kyrkjebenken, og kvar familie har sin eigen bibel. Nokre tek med seg bibelen heim, andre har han liggjande i kyrkja. Men no er alt borte; kyrkja er heilt utbrend.

– Det var Bibelselskapet som lærte kyrkjene at kvar familie skulle ha sin eigen bibel. Og no gjev alle kyrkjer i Irak biblar til medlemmane sine.

Nabil deler sine eigne, personlege kjensler med oss.

– Hjartet mitt er knust - dette er svært vanskeleg. Hugs at det snart er jul, og folk vender heim til byen sin - og så er huset deira borte. Ei kvinne frå Qaraqosh sa til meg: «Då Jesus kom hit til jorda, fann han heller ingen heim. Så dersom Jesus kunne gå gjennom dette, kan vi det også.» Dette er svært gripande, seier han med gråt i stemma.

Fra bokmessa i Irak.
Fra bokmessa i Irak.

Nabil fortel til slutt at Bibelselskapet har vore med på ei bokmesse i Nord-Irak.

– Vi distribuerte biblar til meir enn tre tusen menneske, og då snakkar eg om folk utan kristen bakgrunn. Folk spør oss etter biblar, ja, dei tørstar etter biblar! Tru meg - no er den rette tida. Dette er den rette tida for å vera til stades, for å hjelpe menneske og for å gje dei biblar.

– Eg hugsar kva ein muslim som heiter Muhammed, nyleg sa til meg: «Den einaste løysinga for Irak er Jesus Kristus».

Ingen andre å gå til

Rester av inventar og bøker som er brent, ligger fremdeles i kirkene.

– For å byggje opp att kyrkja vår, treng vi mykje slags materiell. Men det aller viktigaste er biblar til kyrkjene. For vi har mista alle biblane vi hadde.

– Om vi treng møblar, kan vi gå til nokon andre, men når vi treng biblar, har vi ingen andre å gå til enn Bibelselskapet.

Erkebiskop Nikodemus Daoud Sharaf, den syrisk-ortodokse kyrkja i Mosul, saman med Nabil Omiesh.

Tilbake til innholdsoversikten