Gå til innhold

31 Siden forlot han Tyros-området igjen. Han tok veien om Sidon og dro mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet.

Intervju med Bjarte Hjelmeland: Det handlar om sjølve livet

17.10.11 - Teatersjef ved Den Nationale Scene, Bjarte Hjelmeland, fortel her om tilhøvet mellom religion og teater.

Bjarte Hjelmeland

Konferansen «Ordet» har eit todelt utgangspunkt. Den feirar utgjevinga av den nye bibelomsetjinga, som vert lansert i desse dagar. I tillegg ynskjer ein å sjå nærare på tilhøvet mellom bibeltekst og kunst.

Eit slikt møte finn stad i framsyninga «Ordet», som vert spelt på Den Nationale Scene denne hausten. Stykket frå 1925 er skrive av den danske presten Kaj Munk, som òg har skrive fleire skodespel, og som vart kjend som motstandsmann under andre verdskrig i Danmark.

I stykket skildrar forfattaren tema som tru og tvil, møte med døden og det makteslause, og om ulike religiøse oppfattingar i ein og same familie. Den eldste sonen i denne familien, Mikkel, har til dømes mist trua på seg sjølv. Med den nest eldste sonen, Johannes, er det omvendt. Han er erklært galen og trur at han er Jesus.

Store spørsmål
– «Ordet» er eitt av yndlingsstykka mine frå verdsdramatikken, og var eitt av stykka eg tidleg visste at eg ynskte å få oppført i tida mi ved DnS, seier teatersjef Bjarte Hjelmeland, som sjølv hadde rolla som Johannes ved Teatret Vårt i Molde i 2003.

Stykket likar han mellom anna fordi det går i klingen på sentrale spørsmål i livet. Dette ser teatersjefen som eit felles trekk for religiøse tekstar og tekstane i teateret.

– På same måten som kyrkja gjer det, arbeider ein i teateret ofte med dei store spørsmåla i livet. Det kan krinsa om fødsel, død og kjærleik. Det handlar gjerne om etikk og moral, og spørsmåla om korleis ein best skal leva livet sitt. I teateret arbeider ein gjerne med historia og menneskelivet sine mange fasettar. Forholdet til religion og spørsmål om Gud er derfor ikkje til å unngå. Dei inngår som eitt av teateret sine naturlege omdreiingspunkt.

Å høvla ned dørstokken
Slik er det altså naturleg å sjå til tekstar som har i seg religiøse aspekt, forklarer Hjelmeland. Parallelt meiner han at kyrkja har mykje å læra av teateret når det gjeld tekstformidling.

– Eg har sjølv hatt gleda av å jobba med prestestudentar på dette feltet, seier han, og legg til at han ser på dette segmentet som ei publikumsgruppe han gjerne vil tilby noko.

Eit av måla eg hadde for perioden min som teatersjef, har vore å "høvla ned dørstokkane". Me har villa gjera teateret meir tilgjengeleg og me har ynskt å møta nye publikumsgrupper. Kristenfolket er ei gruppe som ikkje alltid kjenner ei naturlig tilknyting til teateret. Dette ynskte eg å gjera noko med, seier Hjelmeland.

Uredd og personleg
Arbeidet med ulike publikumsgrupper er altså ei av årsakene til ynsket om samarbeid. Men er det så berre dei som vedkjenner seg den kristne trua som har utbytte av desse framsyningane?

Hjelmeland viser til arbeidet med bibelske forteljingar i teateret – til dømes det som Svein Tindberg og teamet hans har gjort – og korleis det møter ei overveldande interesse frå publikum.

– Kva er det med dette prosjektet som er så spesielt? Og kvifor trur du, frå eit teaterfagleg perspektiv, at desse framsyningane har blitt så godt mottekne?

– Arbeidet som Svein Tindberg har gjort saman med Kjetil Bang Hansen er stort og viktig både i teaterfagleg og religiøs samanheng. Det er først og fremst kjenneteikna av høg kvalitet, ein ærleg søken og ein uredd og personleg tilnærming til bibelske tekstar, svarer Hjelmeland.

– Meir generelt meiner eg at det i samfunnet vårt finst ein tydeleg tørst etter framsyningar som handsamar andelege og mystiske spørsmål. At desse framsyningane kan nyta så stor suksess som det dei gjer, overraskar meg eigentleg ikkje. Ein kan jo berre tenkja på kva salssuksess Bibelen er, seier teatersjefen.

Å ta stilling til eit mirakel
– Religion er i dag ikkje berre forbunde med tru, men òg med konfliktar, også i vårt eige samfunn. Føler de at det er betent eller krevjande å setja opp «Ordet» eller andre framsyningar som nærmar seg ei bestemt trusretning i teateret?

– Eg opplever det ikkje som betent å setja opp «Ordet». Den sprengkrafta som stykket har i dag, vert nok opplevd meir på det personlege religiøse og kjenslemessige plan enn på det politiske: Dei menneskelege aspekta som stykket tek opp.

– Under konferansen er du deltakar i panelet «Ordet». Har du nokre tankar om kva du ynskjer at debatten skal problematisera?

– Eg er svært interessert i korleis me tek stilling til mysteriet og mirakelet i dag. Dette er eitt aspekt eg vonar me vil diskutera. Men det er mange andre debattar og problemstillingar ein kan henta ut av ei framsyning som «Ordet». Eg ser derfor fram til debatten, og trur kanskje eg kjem til å lytta meir enn eg snakkar.

tekst: Ida Habbestad, foto: Eirik Helland Urke