Gå til innhold

16 En gang han gikk langs Galileasjøen, fikk han se Simon og Andreas, bror til Simon. De holdt på å kaste not i sjøen, for de var fiskere.

Intervju med Halvor Nordhaug: Ordet i mange fasettar

24.09.11 - Bibelteksten er ikkje lenger like kjend for alle. Det gjev nye høve for formidling, meiner biskop Halvor Nordhaug.

Halvor NordhaugOrdet – denne minste sjølvstendige eininga i ei ytring – dannar overskrift når det vert skipa til konferanse i Bergen i oktober.

Biskop Halvor NordhaugI kyrkjeleg samanheng peikar Ordet mot det som var i byrjinga. Overskrifta peikar òg mot dei bibelske orda, som stadig tolkast og formidlast: Storleikar som alle er aktuelle for konferansen sitt utgangspunkt, lanseringa av ei ny bibelomsetjing den 19. oktober.

– Nye bibelomsetjingar kjem berre ein gong kvar generasjon. Det er 33 år sidan førre omsetjing, og no ville me gjerne markera at det kjem ein ny, seier biskop Halvor Nordhaug.

Bjørgvin bispedøme har derfor teke initiativ til konferansen som inneheld ei rekkje føredrag, diskusjonar og seminar. Men Nordhaug understrekar at programmet ikkje først og fremst vil handla om språket i omsetjinga, og skilnaden mellom denne omsetjinga og den førre.

– Me er minst like opptekne av Bibelens ringverknader i språket, kulturen og i verdsbiletet vårt, seier han.

Eit tolkingsspørsmål
Særleg kultur og kunstnarlege ytringar har fått ein sentral plass. Den Nationale Scene har gått inn som ein av fleire samarbeidspartnarar. I høve konferansen gjev dei ekstraframsyning av, og deltek i paneldebatt om framsyninga «Ordet» av Kai Munk.

Denne framsyninga grip rett inn i sentrale bibeltolkingsproblem.

– Framsyninga stiller spørsmål om kor bokstavleg ein skal tolka teksten som står i Bibelen. I «Ordet»møter me ein som trur at han kan gjera det same Jesus gjorde, og som Jesus jo sa at disiplane hans skulle gjera. Vedkomande forsøker å vekkja ein død attende til livet. Ei slik handling tenkjer dei fleste av oss at er overspent. Men denne personen prøvar seg, og lukkast. Munk forklarer oss ikkje kva dette betyr. Han seier berre at det skjedde, og me sit att med tolkingsspørsmål. Slik sett er dette eit godt utgangspunkt i ein samtale om korleis ein skal lesa og forstå bibeltekstane, meiner Nordhaug.

Bibel i fri konkurranse
Forutan teaterinstitusjonen er ei rekkje andre kulturarbeidarar involverte, både gjennom seminar og kulturelle innslag, under overskrifter som «Ordet i salmen», «Ordet i rørsle» – og mange fleire.

– Bibelteksten har utan samanlikning vore den viktigaste teksten me har, ikkje berre i kyrkja, men også i kulturlivet. Berre tenk på kor mykje vestleg kunstmusikk og biletkunst som står i høve til bibelske tekstar. Lenge var bibelteksten sjølve utgangspunktet for den vestlege kunsten, seier biskopen.

– Dei kunstnarlege uttrykka du snakkar om er 200 år gamle og eldre. Det har vore omfattande endringar med tanke på kva rolle Bibelen har i høve kulturen i dag?

– Ja, i eldre tider var kristendommen eit sjølvsagt grunnlag for samfunnet. På denne tida var det slik at det å vera norsk var å vera kristen, og det å vera kristen var å vera luthersk. Slik er det ikkje lenger. Og eg trur ikkje nokon ynskjer seg attende til den typen einingssamfunn. I dag er Bibelen og kristen tru i fri konkurranse med andre uttrykk og trusretningar. Slik må det vera, svarer Nordhaug.

– Dette betyr igjen at Bibelen ikkje er så sentral i samfunnet som før. Folk har eit svakare tilhøve til Bibelen, òg sett opp mot førre omsetjing. Det er på eine sida beklageleg. Men det at bibeltekstane av mange vert opplevd som nye og ukjende, gjev òg ein sjanse – til å gjera tekstane levande att.

Ei kritisk tilnærming
I ei tid der ein ikkje lenger kan referera til den barmhjertige samaritanen eller den bortkomne sonen og rekna med at folk veit korleis historia går, vert det på eit vis som historiene vert fortalde for første gong, meiner biskopen.

– Då er det viktig at me har ei bibelomsetjing som er levande, og som er i kontakt med daglegspråket.

– Kva tenkjer du om Bibelen sin plass i høve til kunstnarlege uttrykk i dag?

– Eg trur at kunstnarane no kjenner seg friare i høve teksten. I malarkunsten ser ein til dømes at bibelske motiv vert framstilte på ein måte som kan kallast nyskapande, gjerne distansert og kritisk. Slik tenkjer eg det er også innanfor andre område av kunsten.

Nordhaug er ikkje i tvil om at Bibelen stadig er viktig for kunstnarar.

– Litteraturen er framleis full av bibelske referansar, berre tenk på Karl Ove Knausgård. Både han og andre forfattarar, som Hanne Ørstavik og Jon Fosse, har vore involverte i omsetjingsarbeidet. Me ser at forfattarane har stor respekt for Bibelen. Fleire har òg gjeve uttrykk for at det er krevjande å vera involverte i ein prosess der ein forsøker å arbeida i dette spennet mellom den typen høgstil som Bibelen tradisjonelt er formulert i, og det daglege norske språket, utan at språket vert platt.

Høg aktivitet
Konferansen «Ordet» handlar om ordet i kunsten – men òg om formidlinga av ordet, generelt og til særskilde grupper som utviklingshemma, døve og fleire.

Det er tenkt at både folk som til vanleg arbeider eller er engasjerte i kyrkja, kulturarbeidarar, folk som arbeider med særgrupper, og alle som skriv tekstar skal kunna ha interesse av konferansen.

– Det er eit omfattande program, og umogleg å få med seg alt?

– Konferansen gjer eit forsøk på å visa tekstformidling gjennom mange fasettar. Det er umogleg å gå inn i tematikken gjennom alle dørene, så publikum vert inviterte til å ta val. Fleire seminar går parallelt – og det speglar vel aktiviteten i desse dagar, med ny bibelomsetjing og ny salmebok. Det er mykje som skjer i kyrkja for tida.

tekst: Ida Habbestad