Gå til innhold

11 Kort tid etter ga Jesus seg på vei til en by som heter Nain. Disiplene og en stor folkemengde dro sammen med ham.

Intervju med Hans Olav Mørk: Guds mange morsmål

05.10.11 - Den nye bibelomsetjinga er sjølve utgangspunktet for konferansen ”Ordet”. Prosjektleiar og bibelomsetjar Hans-Olav Mørk fortel her om kvifor han meiner den nye omsetjinga er viktig.

Hans Olav Mørk

- Ikkje mange bøker vert reviderte på nytt i kvar generasjon. Kvifor er det så viktig at ein omset Bibelen – igjen og igjen?

– Ein nøkkel til dette finst i inkarnasjonen: At Gud vart menneske, og dermed snakka eit morsmål. Og det morsmålet Jesus snakka, arameisk, var eit vanleg talespråk. Dette må me ta konsekvensen av. Dersom Gud snakkar menneske sitt morsmål – og talespråk – må Bibelen omsetjast. Språket endrar seg, og dermed vert det nødvendig å revidera bibelspråket. Det internasjonale bibelselskapet, UBS, anbefaler nye versjonar kvart 25 eller 30 år.

– Ideala for omsetjing i høve til det talenære har endra seg over tid?

– Ja, ein kan til dømes følgja linja attende til Luther, som omsette Bibelen til tysk for første gong. Grunnhaldninga hans var at Gud snakkar det språket som vanlege folk snakkar. Han meinte ein ikkje skulle gå til professorane, men ut på gata for å læra bibelspråket. Dei moderne omsetjaranes far, Eugene Nida, tok det endå lenger. Han meinte det var viktig at Bibelen i ulike samfunn ikkje vart opplevd som noka framandkulturell bok. Då han sjølv arbeidde med bibelomsetjing i Ny-Guinea, ynskte han at det skulle høyrast ut som om Bibelen var skriven der. Eit konkret døme var setninga «Gud gøymer ikkje på det vonde». Dette, meinte Nida, ville få større meining for dei lokale om ein sa: «Gud henger ikkje opp kjevebein mot folk». Det vonde på Ny-Guinea var gjerne assosiert med blodhemntradisjonen deira. Når ein hadde noko uoppgjort med ein nabostamme hengte ein opp kjevebeina til den drepne, inntil ein hadde fått hemn. Dette var på midten av 1900-talet. I dag er omsetjarane meir opne for å gjera det tydeleg at Bibelen har vorte til i ein framand kultur, fjernt frå vår tid.

– Kva for eit plan har ein lagt seg på når det gjeld ideal for den nye norske omsetjinga?

– Også i Noreg er ein oppteken av at Gud skal få snakka norsk. I omsetjinga frå 1978 ynskte ein å komma så nær som mogleg det norske språket. Det gjorde at noko av det framande ved dei bibelske kjeldetekstene vart borte. I den nye bibelomsetjinga, Bibel 2011, har me gått motsett veg, nærare det hebraiske og greske språket. Samstundes har me ynskt ein bibeltekst som kommuniserer godt på norsk. Dette er to målsetjingar som i utgangspunktet drar i kvar si retning, og teksten er blitt til i spaninga mellom desse. Men ei vesentleg endring i samfunnet vårt fram mot 2011, er at me no er blitt meir opne for det framandkulturelle. Me er kjende med andre kulturar og uttrykkformer, og har dei tettare på oss i kvardagen vår.

– I konferansen er ein mellom anna oppteken av korleis Bibelen påverkar kunsten. Med denne omsetjinga kan ein kanskje seia at det også er omvendt: Dette er første gong skjønnlitterære forfattarar er inne i arbeidet med bibelomsetjing i Noreg. Kva har det betydd for resultatet?

– Først og fremst har forfattarane hjelpt oss til å få grep om kva det vil seia å betrakta bibelteksten som litterær tekst. Kva er det som særpregar dei bibelske tekstane som litteratur? Forfattaren Paal-Helge Haugen introduserte oss for litteraturforskaren Robert Alter. Han har mellom anna skrive ei bok om dei forteljande tekstane i Bibelen, og korleis dei bibelske forfattarane nyttar litterære motiv for å konstruera tekstane sine. Han har òg skrive om bibelsk poesi. Denne måten å sjå bibeltekstane på har hjelpt oss til å bli meir merksam på dei litterære sjangrane og teknikkane som finst i dei gamle kjeldeskriftene. Det har vore utgangspunktet for å gjenskapa dei på norsk. For det ligg òg meining i språkleg klang, gjentaking og rytme, som Hanne Ørstavik har sagt.

– Korleis kan ein ta høgde for dette i arbeidet når ein òg arbeider med å gå det daglege språket i møte?

– Det er sjølvsagt ei spaning mellom ynskja. Men, for å sitera Paal-Helge Haugen: Poesien er ikkje eit gamaldags og høgtidsamt språk – poesi er uttrykkskraft! Den greske teksten til Det nye testamentet tilhøyrer same språkfamilien som det norske språket, grammatikalsk og strukturelt sett står dei nært kvarandre. I omsetjinga vil ein nok finna at det å nærma seg det greske språket nettopp kan gje ei større uttrykkskraft. Eitt døme finn me i eit vers frå 1. Korintarbrev, kapittel 15. I 1978-omsetjinga hadde bokmålsteksten følgjande setning: «Sol, måne og stjerner har forskjellig skinn». Den nye omsetjinga lyd slik: «En glans har solen, en annen har månen, og en annen igjen har stjernene». Dette er døme på korleis teksten er forma med eit retorisk og stilistisk meisterskap som faktisk kan gjenskapast på norsk.

– Det er likskapar, men også skilnader mellom språka?

– Ja, ein litterær teknikk som vanskeleg let seg skapa att, er lydrimet som er vanleg på gresk og hebraisk. Speiretai – egeiretai, til dømes, tyder «det blir sådd – det står opp». Me klarer å skapa ein refleks av dette, men ikkje å gjenskapa det vakre lydrimet. På hebraisk har du òg eit verkemiddel som vert kalla parallelismus membrorum, «lemmenes parallellitet», altså to parallelle utsegn. Eit døme er den siste bøna i Fadervår. No er det første leddet nyomsett frå grunnen av, for å gjera det tydeleg at det ikkje er Gud som lokkar til synd: «La oss ikke komme i fristelse, men frels oss fra det onde». Dette er ein parallellisme der første linje negerer den andre, men dei tyder det same. Somme har ynskt ein annan variant: «Led oss ut av fristelsen, og frels oss fra det onde». Det er òg mogleg, som ei friare omsetjing. Men me har altså ynskt å ivareta kontrastane der dei finst i bibelteksten.

– De har følgt anbefalinga frå det internasjonale bibelselskapet, og kjem med ei omsetjing 30 år etter den førre. I kva grad har de sett på utviklinga internasjonalt ved den norske omsetjinga?

– Me har mellom anna henta inspirasjon frå Danmark og Sverige, og gjort val i høve til resultata av deira arbeid. Særleg i den svenske omsetjinga frå år 2000 har ein i mange høve klart å halda seg nær det opphavlege språket, og samstundes skapt ei uttrykkskraft. Også dei hadde med seg skjønnlitterære forfattarar, som satt i team med hebraistar som kunne kjeldespråk.

– Under konferansen tek du del i eit panel med tittelen «bibelordet». Kva ynskje har du på førehand for denne diskusjonen?

– Eg ynskjer me vil få belyst at Bibelen er relevant, at den har kraft i seg til å konfrontera og fortolka liva våre. I samfunnet treng ein verdiar. Ei universal forteljing å relatera historia si til. Når me veit kven me er, og kjenner forteljinga vår, kan me konfrontera og forstå, kanskje og assimilera frå andre kulturar. Bibelen er full av døme på fleirkulturelle møte, der noko vert assimilert og noko konfrontert. For å seia med Paal-Helge Haugen: Bibelen byr seg fram som eit paradigme, som ei hjelp til å forstå kva det er å vera menneske saman med andre menneske.

– Under konferansen er ein òg oppteken av formidlinga av teksten?

– Ja, og det er her teateret kjem inn i biletet. I kyrkja er ein for ofte oppteken av å formulera teologi, og abstraherer meiningar og synspunkt frå bibelteksten. Men den bibelske sanninga er narrativ. Fleire av tekstane er nettopp forteljingar, skrivne ned og kvalitetssikra i nedteikninga, for å hjelpa minnet. I vår meir skriftlege verd er dette lett å gløyma. Eg trur ein har mykje å gå på når ein lagar preiker i kyrkja, om ein går heilt attende til bibeltekstane for å skapa gneistrande møte mellom bibelforteljingane og livserfaringane våre. Berre sjå på det arbeidet Svein Tindberg gjer med å syna fram sjølve bibelteksten, så mykje det engasjerer. Samanhengen mellom bibelteksten og den munnlege formidlinga er noko me er i ferd med å gjenoppdaga i kyrkja.

– Kva vert di neste sentrale oppgåve i Bibelselskapet no som dette omfattande arbeidet er over?

– Me manglar ein nynorsk versjon av dei gamle apokryfiske tekstane, og har teke mål av oss å få det til, sidan desse bøkene høyrer til den Bibelen som Den katolske kyrkja nyttar. Eit større prosjekt som er i gong på tiande året, er eit samarbeid mellom Noreg, Sverige og Finland, for å få på plass ei ny nordsamisk omsetjing av Bibelen. Det har ikkje skjedd på 100 år, og kjem til å prega det nordsamiske språket. Det er ei stor kulturhistorisk hending.

– Framfor alt skal me nytta krefter i tida som kjem til å formidla bibelteksten. Me trur det er ein stor og latent interesse for Bibelen i det norske samfunnet. Og me trur at den nye teksten frå Bibelselskapet vil vera den beste bibelteksten me har hatt i Noreg til no.

tekst: Ida Habbestad