Gå til innhold

18 Da sa Herren Gud: «Det er ikke godt for mennesket å være alene. Jeg vil lage en hjelper av samme slag.»

Manuskript 0220

Foto: Manuskript 0220

Manuskriptet med hòl i

16. mai 2014.

Forskarane kasta seg over det gamle manuskriptet for å sjekke ein einaste bokstav. Så var det hòl i pergamentet akkurat der!

Av og til kan éin bokstav ha mykje å seia. Slik er det i Romarbrevet 5,1,der Paulus skriv:

«Når vi no har vorte rettferdige ved tru,har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.»

Mange er glade i dette verset, fordi det så tydeleg seier at den som trur på Jesus,har fred med Gud.

Men i mange gamle manuskript av Romarbrevet er ordet «vi har» skrive med ein lang «å» (gresk:omega ) i staden for ein kort «o» (gresk:o). Med kort «o» skal ordet lesast «ekjomen»,som tyder «vi har».Men med lang «å» skal ordet lesast «ekjåmen»,som tyder «lat oss ha». Brått blir tydinga ei anna: I staden for ei stadfesting av at vi har fred med Gud,blir det ei oppmoding:Lat oss ha fred med Gud.Og det er ikkje det same.

Så då det i 1950 vart funne eit gammalt manuskript i Egypt med Rom 5,1,kasta forskarane seg over det. Manuskriptet var ein liten rest av ei bokside frå Romarbrevet. Det vart datert til den første delen av 200-talet. Aldri hadde forskarane hatt eit eldre manuskript av Rom 5,1 mellom hendene,og stor var spenninga:Hadde dette tidlege eksemplaret lang eller kort o?

Så var det hòl i pergamentet akkurat der! Vi kan berre tenkje oss korleis forskarane må ha sukka. På biletet ser vi hòlet i slutten av den sjuande lina.

No starta eit nytt detektivarbeid.Hòlet hadde slukt to bokstavar:Ein «kj»,som ser ut som ein x,og den berømte o-en.Forskarane spurde seg difor:Er det plass til både ein «kj» og ein lang «å» i det vesle hòlet? Svaret var nei. Det måtte ha stått ein «kj» og ein kort «o» der.

Dette gamle manuskriptet ser altså ut til å ha hatt ordet «ekjomen». Det eldste og beste teksta i Rom 5,1 er difor truleg den som står i vår nye Bibel 2011: «… har vi fred med Gud»