Gå til innhold

34 Vær på vakt og la ikke hjertet bli sløvet av rangel og drikk og dagliglivets bekymringer, så den dagen plutselig kommer over dere

Georg Hille var med på oppstarten av bibelmisjonen på 1950–talet.

Foto: Georg Hille var med på oppstarten av bibelmisjonen på 1950–talet.

– Egoistisk å berre trykkje biblar til Noreg

29. april 2016. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

«Det er egoistisk å berre trykkje biblar til sitt eige land!» sa dei andre bibelselskapa til nordmennene. Slik vart brannen for bibelmisjon tend i Noreg, fortel Georg Hille.

Georg Hille (92) er best kjend som biskop på Hamar (1974-1993). Men lenge før det var han tilsett i Bibelselskapet i tre viktige år, frå 1951 til 1954. Han fekk vera med på oppstarten av bibelmisjonsarbeidet.

– Bibelselskapet vart drive svært gammaldags like etter krigen, fortel Hille.

– Dei einaste dei gjorde, var å produsere og selja biblar og salmebøker. Men i 1950 kom det inn ein mann som nesten ingen hugsar i dag, men som fekk svært mykje å seia for bibelarbeidet: Det var Alf Hauge.

På denne tida var biskop Eivind Berggrav formann i styret til Bibelselskapet. Saman med Hauge opplevde Berggrav noko som vart heilt avgjerande for oppstarten av bibelmisjonen:

– Berggrav og Hauge var med på eit møte i det nystarta United Bible Societies (UBS). Der møtte dei folk frå det britiske, det nederlandske, det skotske og det amerikanske bibelselskapet.

– Berggrav og Hauge fortalde korleis ein dreiv arbeidet i Noreg. Då fekk dei til svar: «Driv de berre med trykking av biblar til dykkar eige land? Det er totalt egoistisk, de tenkjer berre på dykk sjølve!»

– Dei kom heim nokså skjelvne, seier Hille.

– Men dei ville ikkje ha det sitjande på seg at Bibelselskapet i Noreg var egoistisk. Så dei var verkeleg tende for å starte opp arbeidet med bibelmisjon då dei kom attende.

For å få til dette, måtte dei gjera to ting: Dei måtte få kyrkjene i Noreg til å bli opptekne av bibelmisjon. For det andre måtte norske bibelvener få ansvar for arbeidet i eit særskilt land.

– Alf Hauge sa: «Vi vil ha Madagaskar!» For norske misjonsvener hadde eit stort hjarte for Madagaskar. Og sjølv om britane helst ville halde på det, fekk vi til slutt ta over.

Hauge ville gjerne koma raskt i gang med bibelmisjonsarbeidet, men mangla folk.

– Då fekk eg brev frå Alf Hauge med kall til å koma til Bibelselskapet. Hauge var av den typen som kalla folk, skjønar du. Han kjende far min godt frå kyrkjekampen under krigen, og han visste kven eg var.

– Den viktigaste oppgåva mi var å reise rundt og treffe folk, og det var denne delen av arbeidet eg likte best. Eg starta med å reise rundt i kyrkjelydane i Oslo, Hedmark og Oppland.

– Først kom pengane til bibelmisjon frå salet av biblar og salmebøker. Men så byrja det sakte, men sikkert å koma inn kyrkjeofringar.

Når det gjaldt å få i gang eit arbeid på Madagaskar, vart det Odd Telle som fekk denne oppgåva.

– Alf Hauge hadde lenge lurt på kven han skulle sende til Madagaskar. Ein dag møtte han Odd Telle i ei trapp, og Hauge sa med det same: «Du er mannen - du skal til Madagaskar!» «Då må eg snakke med kona først» sa Odd.

– Telle lukkast med noko som ingen hadde trudd var mogleg. På Madagaskar var det så mange ulike kyrkjer og retningar, men han greidde å samle dei alle om Bibelselskapet.

Då Telle kom heim, fekk han oppgåva som Afrika-sekretær for UBS, før han fekk oppgåva med å reise rundt og hjelpe til i bibelselskap der det var problem.

– Telle var ein veldig sameinande og dyktig mann, og han hadde denne oppgåva i ti år. No er han 93 år gammal og er ein nær ven av meg.

Til slutt - kan Hille sjå for seg eit bibelselskap utan bibelmisjon?

– Det ville ha vore kjedeleg! svarar Hille med ettertrykk.

– Det ville ha vorte eit vanleg forlag. Etter at eg var tilsett i Bibelselskapet, har eg vore ein skikkeleg bibelven, og det har eg tenkt å vera til eg døyr.

– Eg har vore oppteken av så mange ting - men når det kjem til stykket, er det eigentleg ingen ting som kan måle seg med Bibelen. Det er det viktigaste. Vi er med i ei rørsle som er heilt sentral og nødvendig i Guds kyrkje på jorda.

– Ei ny bibelomsetjing i kvar generasjon

– Det har mykje å seia for bibellesinga når det kjem ei ny bibelomsetjing. Av den grunn bør det eigentleg koma ei ny bibelomsetjing i kvar generasjon.

– Eg må jo seia at det er for underleg kor lett det har gått denne gongen, med den nye bibelomsetjinga. Før i tida vart det jo eit leven over alle grenser! No er det nesten ikkje anna enn begeistring å høyre.

– Den tida eg byrja som student og prest, var alt så fastlåst. Det var den gamle salmeboka og den gamle bibelomsetjinga. Tenk, vi dreiv på og las tekster der det stod «eder»! Det er fælt å tenkje på.

Georg Hille (92)

Tilbake til innholdsoversikten
Vær med og støtt bibelarbeidet på Cuba!