Gå til innhold

8 Da Den høyeste ga folkeslagene land
og skilte menneskene fra hverandre,
satte han grenser mellom folkene
etter tallet på Israels sønner.

Christoph Kähler

Foto: Christoph Kähler

– Dei jødefiendtlege orda kjem ikkje frå Luther

25. juli 2017. Av: Hans J. Sagrusten

Luther var slett ikkje fri som bibelomsetjar; han heldt seg tvert imot nær grunnteksta. Dessutan kjem dei fleste jødefiendtlege orda ikkje frå han, men frå seinare revisjonar, seier Christoph Kähler.

Til 500-jubileet for reformasjonen har Det tyske bibelselskapet gjeve ut ei revidert utgåve av Lutherbibelen. Denne bibelteksta som Martin Luther fullførte i 1534, blir kalla eit meisterverk og har hatt ein kolossal påverknad på tysk språk og kultur.

– No er profilen til Luther skjerpa, seier biskop Christoph Kähler, som har vore leiar for revisjonsarbeidet.

Målet med revisjonen var mellom anna å få fram det karakteristiske språket til Luther. Så korleis var eigentleg Martin Luther som bibelomsetjar?

– Folk seier ofte at omsetjinga til Luther var fri, seier Kähler.

– Men det stemmer ikkje. Han heldt seg nokså nær til dei greske og latinske tekstene, slik dei vart forstått den gongen. Vi ønskte å gjenskapa denne nærleiken til grunnteksta, samtidig som vi ville ta vare på den karakteristiske klangen i språket hans.

– Vårt inntrykk er at bibelteksta til Luther er meir nøyaktig enn dei seinare revisjonane av teksta, og at språket hans framleis er lett å forstå.

– Det er altså Luther som har rett, ikkje alle dei som gjennom tida har freista å retta på han.

Kähler viser til at det enkle ordtilfanget til Luther gjer han lett å lesa:

– Det er typisk for Luther at han nyttar svært få framandord. Difor er språket hans faktisk lettare å skjøna enn seinare tilpassingar til moderne språk, seier Kähler.

– Reformatoren hadde ei fin kjensle for setningsrytmen. Eg vil særleg nemne den særperga rytmen i juleevangeliet.

I føreordet til den reviderte bibelutgåva gjer Det tyske bibelselskapet greie for korleis dei ser på teksta til Luther:

– Eit særdrag ved omsetjinga til Luther er den nyskapande språklege krafta hans. Det er Luther som har forma mange ord vi nyttar i dag, som «menneskefiskar» og verbet «å bable».

– Eit anna viktig drag i poesien til Luther er bokstavrimet og gjentakinga av visse lydar. Dette er med på å gjera tekstene hans gode å læra utanåt, som i juleevangeliet: «Ihr werdet finden das Kind in Windeln gewickelt und in einer Krippe liegen» (Lukas 2,12).

Det tyske bibelselskapet peikar på at bibelteksta til Luther er prega av at ho har vorte til i nærkontakt med gudstenesta.

– Klangen i teksta eignar seg særleg godt til bøn, meditasjon og utanåtlæring. Teksta er både poetisk og kraftfull. Ho er forma med tanke på at ho skal lesast høgt og lyttast til.

Det har vore mykje fokus på dei jødefiendtlege ytringane til Luther. Christoph Kähler meiner at vi ikkje finn så mykje av dette i Lutherbibelen.

– Vi har funne mange jødefiendtlege ord, men dei fleste står i overskriftene, som ikkje er ein del av teksta til Luther, seier Kähler.

– Difor kjem så å seia ingen av dei jødefiendtlege orda frå Luther sjølv. Dei fleste er sette inn av seinare revisjonar, også der dei står i sjølve bibelteksta. Til dømes skreiv ein i revisjonen av 1912 om «forkastinga» (ihre Verwerfung) av Israel i Romarbrevet 11,15,medan Luther sjølv brukte ordet «tapet» (ihr Verlust).

Den tyske Lutherbibelen kan kjøpast i Nettbokhandelen, eller på e-post gjennom Bibelselskapet, toh@bibel.no.

Tilbake til innholdsoversikten