NT-teksten er henta frå den reviderte omsetjinga til Bibelselskapet, Det nye testamentet 2005.
Preiketekst: Mark 4,26-32 - Av seg sjølv ber jorda grøde
Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt, og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»
Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»
Lesetekst: Jer 20,7-9
Du lokka meg, Herre, og eg lét meg lokka;
du vart for sterk for meg og vann.
Eg er til låtteløye heile dagen,
alle spottar meg.
Så ofte eg talar, lyt eg skrika,
«Vald og overfall!» lyt eg ropa.
For Herrens ord har dagen lang
vorte meg til spott og skam.
Men når eg tenkte:
«Eg vil gløyma han
og ikkje lenger tala i hans namn»,
då vart det som logande eld i mitt hjarta,
innestengd i mine bein.
Eg streva for å halda det att,
men greidde det ikkje.
Lesetekst: Hebr 4,12-13
For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet. Ingen skapning er løynd for han. Alt ligg ope og nake for auga på han som vi skal gjera rekneskap for.