Ei vakker bok, full av skinande salmar, verdig eit jubileum.
Svein Ellingsen har fortalt at fleire av salmane hans har ei tilbliving som strekker seg over år, stundom tiår. Kjernen kan vere ei lysande setning, som tilsist blir eit fullbyrda kunstverk. Det er noko ved salmane hans som stemmer med dette. Dei er fullbårne, i klang, ordval og arkitektur. Då kunne ein tenkja seg at produksjonen måtte bli liten. Men boka som kjem ut i samband med 80-årsdagen hans inneheld ved 170 tettpakka sider med salmetekstar. Det er ein stor produksjon - og sjølv om Ellingsen absolutt har sitt preg, så er det også stort spenn mellom tekstane. Ellingsens preg er å skriva fram lyset frå ein posisjon i den mørke årstid; han lever i advent. Ein av hans tidlegaste salmar er, den aller første er ein takkesalme etter sjukdom. Han skriv om å vake i verdas natt, om venting på den store dagen då lidninga tek slutt. Framtida er spent mellom engsteleg uro og trygg forventning. Dette spennet får han fram ved å løfte dem lidande eksistensen inn i det liturgiske rommet.
Difor kan andre av salmane hans formulere ein inderleg jubel over Guds nærvær i kyrkjesong og sakrament; det er ikkje tilfeldig at dåps- og nattverdssalmane høyrer til hans mest brukte. Og dei slepper ikkje taket i eksistensens nattside, men ber den inn for alteret. Eg har fleire gonger høyrt dåpssalmen Fylt av undring brukt i tragiske gravferder. Den har eit lys i seg som "forblir når livet slukner". Men ein skal ikkje stengja Ellingsens salmar inne i det lidningsfylte adventsmotivet; han har også reine takke- og gledessalmar, også dei i spennet mello gudstenestens takk og gleda som ligg i sjølve hjarteslaget. Og sjølv om det definitivt ligg eit tyngdepunkt hos den svake og anfekta eksistensen, så finst det også myndige salmar om forvaltningsansvar og bot, opp mot ein samtidig horisont.
Då Ellingsens salmar var nye, var det kanskje mest fråværet av overdådig bildebruk og barokk klang som slo oss; han hadde lært enkel klårleik av Øverland og skepsis til språkleg overtrekk av modernismen. Når eg les han i dag, slår det meg like sterkt korleis han greier å lade opp sitt enkle språk, slik at det lyser og skin. Nesten utan å bryte med daglegspråket, fyller han det opp med lys. Livskjensla i samtida har alltid vore viktig for denne diktaren. Han stod fram på ei tid då "de store ordene hadde hatt sin tid" som Kjell Heggelund formulerte det. Salmen må romme både den lange fortida frå David og framover, og si eiga tid. Det samtidige, og ikkje minst det smertefulle i dette, har Ellingsen fanga inn, og det har gjort han til den mest omsette av alle norske salmediktarar.
Ellingsen er også billedkunstnar, og har spesialisert seg på heilt små format: påskeegg og ørsmå akvarellar. I denne samlinga med salmar, som eg trur omfattar alt det han i dag vil vedkjenne seg, finst det også det han kallar miniatyrer. Kanskje er det slike kjernar som han har tenkt ville bli større tekstar, kanskje er dei planlagt som heilt korte tekstar. Fleire av desse er betakande vakre, enten ein vil lese dei eller ein tenkjer seg ein songleg og liturgisk bruk av dei. Som denne teksten:
Men og jeg i den tyngste natt må føle
at selve troens grunn blir knust til skår
la noe i mitt vesens dyp ha visshet
om at Faderhjerte alltid slår.
Guds hjerte! Slå for meg og alle svake,
og vis i mørket at din makt består.
Denne boka er ordna kronologisk, frå dei første salmene frå 1955 og opp til 2005. Den gir eit oversyn over produksjonen, og vil vere verdifull for den som vil studere tekstane grundigare, med tanke på utvikling og utfaldning over tid. I tillegg inneheld den nokre korte refleksjonar over salmesjangeren, og ein del nyttige register. Ei vakker bok, full av skinande salmar, verdig eit jubileum
Anmeldt av Jan Inge Sørbø
Vårt Land, 6. november 2009