... for meg var møte med mannen enda meir spennande og tankevekkande – det dreier seg i sanning om "en livsfortelling". Som vanleg fører Skeie ein svært god penn. Den som les boka må la seg fengsla og fascinera både av mannen og salmane.
Eyvind Skeie er ein godt orientert mann og ein uvanleg allsidig forfattar. No har han skrive ein fengslande og lærerik biografi om salmediktaren Svein Ellingsen. Det er mogleg ordet "biografi" er litt for ambisiøst, undertittelen lyder "En livsfortelling". Skeie er ven av Ellingsen, og med det er det meir naturleg å fortelja Ellingsens livshistorie og gje ei innføring i salmediktinga hans enn å skriva ein vitskapleg biografi.
Ellingsen var 80 år i fjor, og det vart markert på ulikt vis. Underteikna har tidlegare meldt ei samling av salmane hans. Denne livsforteljinga står i jubileumets teikn. Boka er skriven i nært samarbeid med Ellingsen ved at ho er grunna på ei rekkje samtalar Skeie har hatt med han. Ellingsen si stemme er med det tydeleg, men det er like tydeleg at det er Skeie som fører pennen – og det gjer han på sjølvstendig vis.
Boka gjev eit nært og personleg møte med Svein Ellingsen, men det går ikkje over grensa til det private. Ellingsen har ein uhyre sterk posisjon som etterkrigstidas salmediktar, og som det har eg kjent han. Eg har også fått med meg at han er kunstmålar. Mannen bak salmane hadde eg lite kjennskap til, men det fekk eg di meir gjennom denne forteljinga om han.
Den unge Svein hadde på fleire vis ein vanskeleg oppvekst og ei utfordrande studietid, og hans vare sinn gav han smerte i livet også seinare. Han var fysisk heller puslet, men di meir boka sin mann. Gjennom åra strevde ham både med kva han skulle verta i livet og med helsa til å studera som han ville. Han måtte ha psykiatrisk hjelp. Han valde kunsten, altså malarkunsten, som sin veg. Etter kvart viste det seg at det var ordet og salmekunsten som skulle verta livet hans, men biletkunsten var alltid med. Nokre år var han redaksjonssekretær i Vår Kirke, han var aktiv i Kirkeakademiet og han underviste i skulen.
Teologisk er det ikkje heilt enkelt å plassera Svein Ellingsen i kyrkjelandskapet. Han starta i Laget og enda i Studentforbundet, men det kan ikkje seiast at han nokon gong vart teologisk liberal. Det må heller seiast at han vart kulturelt og teologisk open med ei lys Kristus-tru. Skaparverket, lyset og Jesu oppstode står sentralt i livet og diktinga.
Skeie tek føre seg mange trekk ved salmane til Ellingsen og gjev glimt frå desse, og han viser korleis dei vart mottekne. Han påpeikar at professor Carl Fr. Wisløff uttalte seg kritisk til Ellingsens salmetekstar og teologien i desse, og det finn han naturleg: "Sett fra hans vinkel kan de synes å mangle noe både i gudsfremstillingen, i betoningen av Jesu offerdød på korset og i oppfattelsen av menneskets syndighet og behov for frelse." Det meiner han heng saman med Ellingsens oppfatning av kva ei salme er. Ho skal ikkje primært vera forkynnande og formidla lære, men i salma er det mennesket som fører ordet i tilbeding - utgangspunktet er salmens karakter av gudshenvendelse".
Eyvind Skeies bok er interessant med tanke på Ellingsens salmetekstar, men for meg var møte med mannen enda meir spennande og tankevekkande – det dreier seg i sanning om "en livsfortelling". Som vanleg fører Skeie ein svært god penn. Den som les boka må la seg fengsla og fascinera både av mannen og salmane.
Anmeldt av Johannes Kleppa
Dagen Magazinet, 18. januar 2010