Nyheter

 

Guds namn - Glimt frå den nye bibelomsetjinga

Anders Aschim er bibelomsetjar i Det Norske Bibelselskapet.

Anders Aschim er bibelomsetjar i Det Norske Bibelselskapet.

«Dette er forteljinga om himmelen og jorda då dei var skapte, på den tid JHWH Gud hadde laga jorda og himmelen» (1 Mos 2,4).

Publisert: 09. mai 2011

Dette er første gongen vi møter dei fire hebraiske bokstavane jod-he-waw-he som namn på Bibelens Gud, men slett ikkje siste. Om vi ser bort frå små bindeord og preposisjonar, er JHWH det ordet som førekjem oftast i Det gamle testamentet, heile 6828 gonger. Sannsynlegvis er uttalen av namnet «Jahve», men hundre prosent sikre kan vi ikkje vere. I samsvar med ein svært gammal tradisjon blir nemleg ikkje det heilage namnet uttala når ein les den hebraiske teksten høgt. I staden les ein eit anna ord, som oftast «Herren» eller «Gud».

I hebraisk skrift fanst det opphavleg berre konsonantteikn. Bibelmanuskripta som omsetjinga vår byggjer på, er frå 1000-tallet etter Kristus. Desse manuskripta har vokalteikn òg. Her skriv ein konsonantane JHWH med vokalar som viser kva for eit ord ein skal lese, enten adonaj - «Herren» - eller ælohim - «Gud». Men tradisjonen er mykje eldre. Alt Septuaginta, den førkristne greske omsetjinga av Det gamle testamentet, nyttar som regel kyrios - «Herre» - eller theos - «Gud» - som attgjeving av JHWH-namnet. Og mellom dei såkalla «Dødehavsrullane» frå Qumran har ein funne bibelmanuskript frå førkristen tid som enten markerer JHWH-namnet ved å bruke ei svært gammal hebraisk skrift som vik av frå resten av teksten, eller som rett og slett erstattar namnet med fire prikkar, tydelegvis for å sikre at ingen kom i skade for å uttale det heilage namnet under høgtlesing.

I moderne omsetjingar er det vanleg å følgje denne gamle tradisjonen. Vi omset altså gudsnamnet JHWH med «Herren» eller «Gud», og det kjem vi også til å gjere i Bibel 2011. Men i somme utgåver av den nye bibelomsetjinga prøver vi å vise lesarane nøyaktig kvar JHWH-namnet står i teksten. Vi kjem til å nytte ei løysing som lenge har vært vanleg i engelske omsetjingar: Når det står HERREN eller GUD med store bokstavar, er det eit signal om at dette er ei omsetjing av det hebraiske namnet JHWH.

Av: Anders Aschim, bibelomsetjar
 
<%--Pingdom--%> <%--Google analytics--%>