Nyheter

 

Revidert spansk bibelomsetjing

Reina Valera Contemporánea

Reina Valera Contemporánea

Bibelrevisjon på spansk: Reina Valera i ny utgåve.

Publisert: 05. september 2011

Bibelen finst i fleire versjonar på spansk. Den utgåva som er mest utbreidd i dei evangeliske kyrkjene i Latin-Amerika, heiter Reina Valera. No er ho komen i modernisert versjon, Reina Valera Contemporánea, med eit meir naturleg flytande språk.

Første utgåva av den spanske bibelen kom for 432 år sidan. Den spanske munken Casiodoro de Reina vart påverka av protestantismen, måtte flykte frå Spania, og starta som bibelomsetjar i Tyskland. Det spesielle med denne siste revisjonen, er at han vert presentert i digital form før han vert trykt på papir. Gjennom internett er lydbok og gratisnedlastingar tilgjengelege, og i løpet av dette året kjem heile Bibelen på papir.

Kjelde: http://reinavaleracontemporanea.com
 
<%--Pingdom--%> <%--Google analytics--%>