Skodespelar Svein Tindberg og teaterregissør Kjetil Bang-Hansen reiste i 2006 til Peru for å bidra til ei oppsetjing av Markusevangeliet, ei teaterframsyning som hadde stor suksess i Noreg i 1995. Det var Det Norske Bibelselskap som var ”fødselshjelpar” for eksporten frå Det Norske Teatret til scena i Peru.
I Peru er førestillinga blitt ein suksess, og skodespelaren Hernán Romero har hatt meir enn 100 framsyningar av stykket som har fått tittelen La Parabla Sola (Ordet åleine).
– Eg brukte to år på å læra materialet skikkeleg, seier Hernán Romero.
– Gjennom dette arbeidet har eg lært Jesus betre å kjenna, snakka med han og vandra med han. Han er Ordet som korrigerer og hjelper oss, og ved kvar situasjon i livet blir eg minna om sitat frå evangeliet. Eg opplever meg rikt velsigna av denne oppsetjinga.
I mars i år var Hernán Romero invitert til Cuba av Det kubanske kyrkjerådet. Der vart stykket sett opp mellom anna i katedralen i Havana.
I dette nyhetsinnslaget (på spansk) kan du sjå utdrag frå forestillinga:
Kjelde: UBS og www.godtube.com