Nytt om Bibelen nr 2, 2010 fortel om planane for ei ny romani-omsetjing av Markusevangeliet. No er arbeidet ferdig, i april vart boka presentert. 300 menneske var samla i kyrkja i Leskovac sør i Serbia under lanseringa.
Pastor Serif Bakic, som har vore sentral i omsetjingsarbeidet, seier:
- Dette vil vera ei viktig støtte for trua til dei levande kristne i byen vår, og det vil også ha mykje å seia for å ta vare på språket for komande generasjonar. Markusevangeliet blir også utgitt som lydbok.
Kjelde: UBS