I Bergen samarbeider kyrkje og teater tett om ein annleis konferanse.
Bjørgvin bispedømeråd valde i 2010 "ordet" som spesialfelt for kultursatsinga i bispedømet. Dette var bakgrunnen for konferansen som blei gjennomført 24. og 25. oktober.
Den Nationale Scene set i år opp skodespelet ”Ordet” av den danske dramatikaren og presten Kaj Munk. Framsyninga blei under konferansen kopla til den nye bibelomsetjinga som Bibelselskapet lanserte i oktober.
Eit sterkt lag av kompetente fagfolk; mellom anna språkmann Sylfest Lomheim, forfatter Hanne Ørstavik, biskop Halvor Nordhaug og teatersjef Bjarte Hjelmeland, møtte eit engasjert publikum av kyrkjefolk, akademikarar, studentar, pensjonistar og folk flest.
Konferansen er eit samarbeid mellom Bjørgvin bispedøme, Bibelselskapet, Den Nationale Scene og Skrivekunstakademiet i Hordaland. Bidragsytarar er Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Fritt Ord og Norsk kulturråd.
Les intervujer til temaet:
Halvor Nordhaug: Ordet i mange fasettar
Hans Olav Mørk: Guds mange morsmål
Bjarte Hjelmeland: Det handlar om sjølve livet
Lytt til kjende skodespelarar som les favorittekstane sine frå Bibelen:
Ola B. Johannessen
Regissøren av skodespelet Ordet på Det Nationale Scene, les om kjærleiken - frå 1. Kor. 13.
Ragnhild Gudbrandsen
Skodespelar ved den Det Nationale Scene, les Sal 139
Bjarte Hjelmeland
Teatersjef ved Den Nationale Scene, les Salme 8