Gå til innhold

6 Men da jeg var underveis og nærmet meg Damaskus ved middagstid, strålte det plutselig opp et lys fra himmelen rundt meg.

Historia om Mary Jones frå Wales

Dersom nokon hadde fortalt Mary at ho 200 år seinare skulle verta kjendis over heile jorda, ville ho nok teke det for ein vits. Landsbyfolket også. Like fullt er ho kjent i alle dei 200 land der Bibelselskapa i dag arbeider. Det var faktisk hennar iver som sette rørsla i gong!

Mary Jones sette det heile i gong

"Den som kunne få sin eigen bibel?" Slik gjekk Mary og drøymde. Men biblar var på den tida dyre og sjeldne. For Mary, som høyrde til i ein fattig familie, var det ein nærast uoppnåeleg draum.

"Det kan du berre gløyma," sa mora då ho nemnde det for henne. "Og kvar skal du læra å lesa? Her er ikkje skulegong for barn av fattige, som oss."  Men så vart det opna ein ny skule ein times veg derfrå, og Mary drog lukkeleg av garde. Lesa lærde ho fort, men bøker fanst ikkje heime hjå familien Jones. Heldigvis såg nabokona, fru Evans, kor ivrig Mary var, så Mary fekk koma til henne og lesa i Bibelen. Og ein sundag fekk foreldra til Mary litt av ei overrasking!  Presten ropte ut frå preikestolen: "Preiketeksta for denne sundagen vil verta lesen av Mary Jones".  Mary reiste seg og gjekk fram til lesepulten, med bankande hjarta.  Ho bladde forsiktig i den store boka, heilt til den staden læraren hadde merka av for henne. Så trekte ho pusten djupt inn og begynte å lesa. Stemma hennar var litt skjelven til å begynna med, men den vart snart høgare og sterkare etter kvart som ho las på walisisk:

"Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell."

Da Mary var ferdig med å lesa, skunda ho seg ned på plassen sin. Ho kasta eit blikk bort på foreldra som sat der og skein, så stolte var dei. Etter gudstenesta kom mange menneske bort til Mary og skrytte av kor fort ho hadde lært å lesa. "De må vera stolte av henne,” sa fru Evans, kona på den store garden. "Ja, det er me," svara mor til Mary.  "Men ho går rundt med ein fantastisk idé om å spara nok pengar til å kjøpa seg sin eigen bibel på valisisk!"  "Det kjem ho sikkert til å klara," utbraut fru Evans. "Det krev stor viljestyrke å læra å lesa så fort. Ei slik jente kan greia alt som ho bestemmer seg for. Og i mellomtida kan ho få koma til oss på garden og øva seg i å lesa i Bibelen vår."

Mary tenkte stadig meir på korleis ho kunne skaffa seg sin eigen bibel. Ho måtte tena pengar, mange pengar. Men korleis? Då fekk ho ein idé.      
 
To høner vert til ein bibel 
Mary hadde lenge hjelpt mora med klesvasken. Nå tilbaud ho seg å vaska for andre også, for å tena pengar. Fru Evans gav henne to høner. Slik fikk ho egg til å selja. Ho passa barn, sprang ærend, strikka sjal og sokkar. Og alt vart spart for å kjøpa Bibelen som ho drøymde om.
Etter seks år med sparing trudde ho at ho hadde samla nok. Men ho vart svært skuffa då det viste seg at ingen i området hadde biblar til sals. "Du må gå til Bala," sa nokon.  "Presten der sel biblar."

Bala låg 40 kilometer borte og der hadde Mary aldri vore. Men nå hadde ho vorte 16 år og dette skulle ho greia! Med pengane godt gøymt i ein pose la ho i veg. Ho fant pastor Charles i prestegarden og bad om å få kjøpa ein bibel.

"Eg er lei meg, jenta mi, men eg er utseld for biblar. Den siste eg har igjen er også bortbestilt", seier han og peiker på ei einsleg pakke på bordet bak seg.

Skuffelsen vart stor for Mary. Så mykje strev til ingen nytte! Tårene kom og gråtande fortalde ho presten om seks år med sparing, 40 kilometer til fots og så like langt heim igjen utan ein bibel… Pastor Charles høyrde på og vart gripen.  Raskt tok han pakken på bordet og sa: "Sjå her Mary, du kan ta denne Bibelen med deg! Så skal eg skaffa ein annan til han som har bestilt."

Lukkeleg sprang Mary heimover med den nye Bibelen sin. Ho hadde klart det!

Men historia stoppar ikkje der. Pastor Charles var ei tid etter på eit stort møte i London og der fortalde han om Mary. "Me må gjera noko for at alle som ynskjer det kan få sin eigen bibel; om dei er fattige eller rike, barn eller vaksne; om dei bur i Wales eller England, eller kor som helst elles i verda."

Det han sa vart møtt med entusiasme, og slik vart verda sitt fyrste bibelselskap stifta i England i 1804 og i Noreg i 1816. I dag arbeider Dei Sameinte Bibelselskapa i 200 land over heile verda.  Men Mary sin iver sette det heile i gong.