Gå til innhold

18 Da sa Herren Gud: «Det er ikke godt for mennesket å være alene. Jeg vil lage en hjelper av samme slag.»

Samuel og Saul

Første Samuelsbok

Teikna * og • markerer start og slutt på eit tekstavsnitt som ikkje er med i mange av dei antikke handskriftene. Desse tekstvariantane er omtala i eigne fotnotar. Bibel 2011, ”Forklaringar og forkortingar”


I. Guten var med dei

Les 1 Sam 1

Samanlikn 1,24-25 i ulike omsetjingar.

Ny kunnskap om gamle tekstar, språk og kulturar kan på somme punkt endre forståinga av Bibelen. Kan slikt jamvel endre sjølve bibelteksten?

Fotnoten til 1 Sam 1,24-25 i Bibel 2011 viser til tre oppslagsord i ordforklaringane bak i boka: ”Masoretteksten”, ”Septuaginta” og ”Qumran”. Slå dei gjerne opp.

Bibelforskarar har lenge meint at den tradisjonelle hebraiske teksten til 1 Sam må byggje på avskrifter av lågare kvalitet enn det som elles er vanleg for bibeltekstar. Mange stader ser det ut til at den gamle greske Septuaginta-omsetjinga er omsett frå ein hebraisk tekst som er litt annleis. Mellom dei såkalla ”Daudehavsrullane” frå Qumran er det funne fleire svært gamle eksemplar av Samuelsbøkene på hebraisk. På fleire punkt samsvarar Septuaginta betre med ordlyden i denne teksten enn med den tradisjonelle masoretteksten.

Dessverre er det ikkje så mykje att av desse Qumran-handskriftene. I 1 Sam 1,24-25 er det til dømes eit stort hol, men vi kan rekne oss fram til at det var plass til fleire ord enn dei som står i masoretteksten. Septuaginta har fleire ord her og er mykje meir forståeleg enn masoretteksten. Ei sannsynleg forklaring er at ein avskrivar ein gong i tida har gjort ein feil av den typen som kallast ”augesprang”: Ordet ”guten” finst både i vers 24 og 25. Det kan vere lett for ein avskrivar å feste blikket på feil stad når ein vekslar mellom å sjå på originalen og på kopien. Her kan det ha falle ut ei heil linje på denne måten.

Spørsmål til samtale:

I Bibel 2011 har ein valt å ta inn tekstvarianten frå Septuaginta på denne staden. Er det rett å forandre bibelteksten på denne måten?

II. Ammonitten Nahasj

Les 1 Sam 10,25-11,15

Samalikn 10,27-11,1 i ulike omsetjingar.

I forteljinga om Saul og ammonittane har Bibel 2011 ein heil episode som aldri før har stått i noka norsk bibelutgåve. Dette avsnittet finst berre i eitt einaste hebraisk handskrift, ein av dei gamle Samuel-rullane frå Qumran. Men den jødiske forfattaren Josefus kjente episoden og nytta den i si framstilling av jødisk historie, som han skreiv på 90-talet e.Kr. for eit romersk publikum .

Dette tilfellet er litt annleis enn 1,24-25. For det første har ikkje Septuaginta med denne teksten. For det andre er den tradisjonelle masoretteksten greitt forståeleg sjølv utan denne episoden.

Spørsmål til samtale:

Kva gjer denne ”nye” episoden med forståinga av forteljinga om Saul og ammonittane?

Er det rett å ta dette avsnittet inn i bibelteksten?  


Forrige kurs

Last ned som Word-dokument

Neste kurs

Bibelstudier - Bibel 2011

Opplegg for seks samvær. Bibelstudiene er godkjent av Norsk Kristelig Studieråd:

  1. I begynnelsen
    Første Mosebok 1-2

  2. Samuel og Saul
    Første Samuelsbok

  3. Vegen dei rettferdige går
    Salme 1

  4. Visdomen og borna hennar
    Salomos ordtak; Romarane 12

  5. Herrens bønn
    Matteus 6,9-13

  6. Kjøttet
    Romerbrevet 8