Gå til innhold

7 Da de gikk, begynte Jesus å tale til folket om Johannes: «Hva dro dere ut i ødemarken for å se? Et siv som svaier i vinden?

Vegen dei rettferdige går

Salme 1

Bibelen skal ikkje nøya seg med språket frå fortida. Det har også vore ein av grunntankane bak arbeidet med Bibel-omsetjinga 2011. Bibelspråket må fornyast, i takt med språket slik som det utviklar seg. ...

Og når formuleringane i dei eldre bibelutgåvene frå Bibelselskapet kjennest likeverdige og like gode som forslaga våre, har vi gjerne valt det gamle. Ikkje forandring for forandrings skuld. Heller då la det gode ekkoet frå dei gamle omsetjingane lyda inn i den nye.

Oskar Stein Bjørlykke, s. 88-89 i boka Bibelsk, Verbum, Oslo 2011


Les og samanlikn Salme 1

I. Sæl er den ...

”Det nye testamente – nu helt uden nåde og barmhjertighed”. Slik marknadsførte Bibelselskabet i Danmark Den nye aftale. Det nye testamente på nudansk (2008). Det tradisjonelle danske – og norske – bibelspråket inneheld mange ord og vendingar som ikkje utan vidare er forståelege for menneske som har vakse opp i eit sekularisert samfunn. Den nye aftale er ei sterkt kommunikasjonsorientert bibelutgåve der tradisjonelle, men vanskelege bibelord er bytta ut med ord som ligg nærmare daglegtalen.

Kvar ny omsetjing til eit språk som alt har ein bibeltradisjon, må gå kritisk gjennom det tradisjonelle ordforrådet. No er Bibel 2011 er ein annan type omsetjing enn Den nye aftale. Ein kyrkjebibel må ta større omsyn til tradisjonen. Likevel finst det stort rom for val. Det gamle ordet ”sæl/salig” er knapt i bruk i norsk språk meir utanfor Bibelen. Ordet tyder ”lukkeleg” eller ”heldig”. Spørsmålet har vore diskutert under omsetjingsarbeidet, men Bibel 2011 har valt å halde på det tradisjonelle ordet.

Spørsmål til samtale:

Var det eit heldig val å halde på ordet ”sæl/salig”? Burde ein ha skrive ”heldig” eller ”lukkeleg” i staden? Ta gjerne med Matt 5,3-12 i denne diskusjonen.

II. Dei lovlause

I norsk bibelomsetjingsdebatt høyrer ein ofte orda ”konkordant” og ”idiomatisk” nytta som nemningar på to ulike omsetjingsprinsipp. Ei konkordant omsetjing vil helst nytte same attgjeving i målspråket kvar gong eitt og same ord førekjem i kjeldespråket. Ei idiomatisk omsetjing er mindre oppteken av einskildord og meir av meininga i heile ytringa. Det heiter gjerne at Bibel 2011 er ”meir konkordant” enn forgjengaren frå 1978. Ei konsekvent konkordant omsetjing er umogleg, men ein har i det minste ønskt å redusere talet på ulike attgjevingar av same ord i kjeldeteksten.

I somme tilfelle går utviklinga likevel andre vegen. Da har det særlege grunnar. Det hebraiske ordet rasja har tradisjonelt vore omsett med ”gudlaus”. Men ordet har korkje med ateisme eller med blasfemi å gjere. Det er nytta i juridisk språk om den skuldige parten i ei rettssak og generelt om den som bryt normer av ulike slag, i somme samanhengar på valdeleg vis.

Dette er eit av de sjeldsynte tilfella der den nye omsetjinga nyttar fleire ulike ord enn før for å gje att eitt og same ord i grunnteksten, avhengig av samanhengen det står i. Rasja førekjem ofte som motsats til tsaddiq, ”rettferdig”. Da har vi nytta omsetjinga ”urettferdig”. I samanhengar der biletet av ei rettssak ligg nær, blir ”skuldig” av og til nytta. Elles er omsetjinga ”lovlaus”.

Spørsmål til samtale:

Les fotnoten til Salme 1,1 i Bibel 2011. I denne salmen er alle dei tre ulike orda ”lovlaus”, ”skuldig” og ”urettferdig” nytta for å omsetje det hebraiske ordet rasja. Er dette ei heldig løysing?


Forrige kurs

Last ned som Word-dokument

Neste kurs

Bibelstudier - Bibel 2011

Opplegg for seks samvær. Bibelstudiene er godkjent av Norsk Kristelig Studieråd:

  1. I begynnelsen
    Første Mosebok 1-2

  2. Samuel og Saul
    Første Samuelsbok

  3. Vegen dei rettferdige går
    Salme 1

  4. Visdomen og borna hennar
    Salomos ordtak; Romarane 12

  5. Herrens bønn
    Matteus 6,9-13

  6. Kjøttet
    Romerbrevet 8