Gå til innhold

46 Da sa Maria:

Visdomen og borna hennar

Salomos ordtak; Romarane 12

I. Visdomen

Les og samanlikn Ordt 1,20-21 i ulike omsetjingar.

Eit nøkkelord i Ordtaka er ”visdom”. Som fotnoten til 1,20 fortel, blir dette ordet fleire stader nytta på ein spesiell måte. Vi talar gjerne om personifisering. Mange stader får ”Visdomen” trekk som gjer det naturleg å skrive ordet med stor forbokstav, som eit eigennamn. Da har Bibel 2011 valt å nytte pronomenet ”ho”, dels fordi det hebraiske ordet for ”visdom” er eit hokjønnsord (det same gjeld forresten det greske ordet), dels fordi den personifiserte Visdomen er skildra med kvinnelege trekk (særleg tydeleg i kapittel 9).

På dette punktet finst det ein interessant skilnad mellom bibeltradisjonane i bokmål og nynorsk. Nynorske bibelomsetjingar har alltid nytta omsetjinga ”visdomsmøya” og pronomenet ”ho” for å vise fram denne personifiseringa. Bokmål har derimot valt ”visdommen” og ”den”.

Problemet for bibelomsetjaren er at det finst mange tvilstilfelle. Så må ein velje frå gang til gang: Skal ein bruke stor eller liten forbokstav? Skal ein nytte pronomenet ”ho” eller ”den/han”?

Spørsmål til samtale:

Slå opp desse stadene og diskuter løysingane i Bibel 2011. Samanlikn gjerne med andre omsetjingar:

• Ordt 2,2.6.10
• Ordt 4,5-9
• Ordt 8,1-2.11-12
• Luk 7,35 (jf. Matt 11,19)

II. Sysken

Les og samanlikn Rom 12,1.3 i ulike omsetjingar.

”Bibelen er ei patriarkalsk bok”, blir det ofte hevda. Det er rett at menn tek stor plass i Bibelen. Men kanskje har kvinner blitt mindre synlege i bibelomsetjingane enn dei burde vore? Eit spørsmål som har vore mykje diskutert, er omsetjinga av det greske ordet adelfoi i Det nye testamentet. Ordet tyder ”brør”. Men gresk manglar eit inkluderande ord for sysken av begge kjønn. Det ser ut til at adelfoi også kan nyttast i denne tydinga. Men det finst mange tvilstilfelle der valet mellom ”brør” og ”sysken” kan vere vanskeleg. Sjå oppslagsordet ”sysken” i ordforklaringane bak i Bibel 2011.

Ofte kan dei vanskelegaste diskusjonane handle om dei minste orda. Kva for pronomen skal ein til dømes nytte i siste setning i Rom 12,3? Kan ordet ”han” verkeleg nyttast kjønnsnøytralt, altså i tydinga ”han/henne”? Kva om vi skreiv ”henne” i staden? Eller kan ein lure seg unna problemet ved å skrive om setninga til fleirtal: ”etter den trua som Gud har tilmålt dei”? Eller jamvel ”tilmålt dykk”? Men gjer ein i så fall rett mot eintalsforma i kjeldeteksten?

Spørsmål til samtale:

Finst det eit ”kjønnsnøytralt språk”? Korleis bør bibelomsetjinga handtere spørsmål knytte til språk og kjønn? Drøft desse spørsmåla med utgangspunkt i omsetjinga av Rom 12,1.3.


Forrige kurs

Last ned som Word-dokument

Neste kurs

Bibelstudier - Bibel 2011

Opplegg for seks samvær. Bibelstudiene er godkjent av Norsk Kristelig Studieråd:

  1. I begynnelsen
    Første Mosebok 1-2

  2. Samuel og Saul
    Første Samuelsbok

  3. Vegen dei rettferdige går
    Salme 1

  4. Visdomen og borna hennar
    Salomos ordtak; Romarane 12

  5. Herrens bønn
    Matteus 6,9-13

  6. Kjøttet
    Romerbrevet 8