Dagens bibelord 19.03.2024

Sakarja 9,9–10

9  Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av glede, dotter Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg,
rettferdig og rik på siger,
fattig er han og rid på eit esel,
på ein eselfole.

10  Eg vil rydda ut vognene i Efraim
og hestane i Jerusalem,
stridsbogen skal brytast sund.
Han skal tala fred for folkeslaga,
hans velde skal nå frå hav til hav,
frå Storelva til endane av jorda.

Kilde: www.bibel.no