Gå til innhold

12 Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.»

Å nytta drama til formidling av bibelstoff er samlande for alle generasjonar.

Foto: Å nytta drama til formidling av bibelstoff er samlande for alle generasjonar.

Dramakurs i Møre og Romsdal

07. mai 2009.

- Å nytta drama til formidling av bibelstoff er samlande for alle generasjonar.

Bibelselskapet inviterte til dramakurs i Møre og Romsdal. I februar inviterte pastor Erhard Hermansen, som og er leiar for Bibelselskapskomiteen i Møre, til kurs i Herøy Frikyrkje. Birgitte Bjørnstad Sæbø som driv "Kreativ formidling" var kurshaldar. Det vart ein spennande og utfordrande dag for deltakarane som kom frå Herøy, Sande og Vanylven. Frå teaterleik og improvisasjon fekk deltakarane kjennskap til ulike teknikkar innan drama, og ut frå deltakinga, latteren og smilet å bedømme var det mange som hadde noko å ta med seg frå kurset. Kurset er det andre i ei rekkje av fire som denne våren vert arrangert i Møre og Romsdal.