Gå til innhold

12 Ennå har jeg mye å si dere, men dere kan ikke bære det nå.

Gruppeundervisning med materiell knytta til prosjektet "Den miskunnsame samaritanen". Emanuel Gnagnon (i kvit skjorte) følgjer med.

Foto: Gruppeundervisning med materiell knytta til prosjektet "Den miskunnsame samaritanen". Emanuel Gnagnon (i kvit skjorte) følgjer med.

Han fann seg kone ved hjelp av Den miskunnsame samaritanen

03. september 2010. Konstanse Raen

I møtet med kurshaldarar frå mange afrikanske land der Bibelselskapets hiv/aids-program ”Den miskunnsame samaritanen” går føre seg, kjem rådgjevar Konstanse Raen i kontakt med mange menneske. Dei deler ofte livsrøynslene sine med kvarandre.

- Du må la Emmanuel fortelje om opplevinga si, sa gruppa av lokale kurshaldarar då vi var samla tre dagar til oppfriskingskurs på Bibelhuset i Lome (Togo). For å bli betre kjent hadde eg under presentasjonen spurt om deira aktivitet som kurshaldar hadde betydd noko for dei personleg. På latteren og peikinga mot Emmanuel forstod eg at han måtte ha noko spesielt å fortelje. Men før vi kom så langt, greip ein annan ordet og sa:

…fyller sine emosjonelle krukker

- Dette programmet har vel betydd noko spesielt for oss alle som er med. For meg kan eg berre seie at det har redda ekteskapet mitt. Det var konflikt og ugreie på grunn av hiv og mange andre problem. Så gjekk eg først på Bibelselskapets kurs, og så gjekk kona. Eg kan seie at gjennom det som då skjedde, blei alt forandra. No kan vi snakka ope om hiv og smitterisiko, om sex og samliv, og ikkje minst om korleis ektefolk kan fylle sine emosjonelle krukker! I dag lever vi som ein lukkeleg familie, og vi blir oppsøkt av mange som ber oss om råd. Men kom endeleg og besøk oss, eg tør seie at vår heim er i dag eit eksempel for nabolaget, seier han og smiler trumferande mens fleire rundt han nikkar bekreftande.

Emanuel traff kona si, Fransica, gjennom ... ungkaren fann seg kjæraste og forandra meining

Så er det Emmanuel sin tur. Han gjekk rett på sak og sa:
- Jau, eg er stor fan av Samaritanprogrammet, for det var gjennom det eg fekk meg kone, slik at eg i dag vil påstå eg er verdas lukkelegaste mann! Han blei avbroten av latter og klapping og så held han fram: Eg kjende til ideala om truskap og fråhald i høve til sex, det var det som vart preika i kyrkja, men eg tok det ikkje så svært alvorleg når det gjaldt meg sjølv. For meg var det viktigare å ha det gøy og leve livet. Og dette med muleg hiv-smitte kunne nok gjelde andre, men eg tok det ikkje alvorleg når det galdt meg sjølv.

- Så begynte eg å bruke kursmaterialet til Bibelselskapet. Det handlar om kor viktig det er å ta gode val og å leve ansvarleg, ikkje minst i høve til sex. Og metoden vi brukar i undervisninga er ikkje preiking og peikefinger, men interaktive metodar med samtale, drama, rollespel og tekstar frå Bibelen. Ved å undervisa andre, utfordra det også meg. Det talte til hjerne og hjarte om Guds gode vilje med livet mitt. Bibelen seier og at vi som trur, er Guds brev skrivne til verda. Det er ved å lesa desse breva menneske omkring oss får kjennskap til Jesus.

- Eg innsåg at eg med min livsførsel var ein dårleg modell for vennene mine og eg følte meg meir og meir utilfreds. Samtidig blei eg meir og meir involvert som friviljug kurshaldar i Bibelselskapets aidsprogram. På eit av kursa la eg merke til ei spesiell ung dame. Eg kjende henne litt frå før, men etter kurset tok eg meir kontakt, og Fransica og eg blei kjærestar.

Etter kvart hadde ungkaren berre eit ønskje, giftemål og å stifte heim så snart som mogeleg!

- Det tok 2 år å førebu bryllaup. Festen var i januar i år med over 200 gjester og eg er berre kjempefornøyd! Eg har fått verdas beste kone og eg har ein stad å kome heim til. Slik har Samaritanprogrammet betydd noko heilt spesielt for meg. Difor stiller eg gjerne opp som friviljug for eg veit det kan forandre liv. Berre spør kona mi!

Les meir om prosjektet

Den barmhjertige samaritan

Kun 349 kroner er nok til kursmateriell for hele 50 personer. Med din støtte kan vi redde liv!
Les mer

Fakta

Bibelselskapet sitt aids-program "Kvar er den miskunnsame samaritan i dag?" er no brukt i over 20 afrikanske land. Hovudoppgåva er:

  • å stanse aids ved hjelp av bibelbasert materiale og undervisning
  • oppmuntre til hiv-testing og openheit om sex og risikofylt åtferd
  • avskaffe diskriminering av hiv-ramma og sikre rettane deira 
  • oppmuntre til diakonal innsats for barn og vaksne som er ramma