Gå til innhold

41 Da Jesus kom nærmere og så byen, gråt han over den

Bibelselskapet - no også på Facebook

Foto: Bibelselskapet - no også på Facebook

Bli Bibel-ven på Facebook

07. mai 2010. Bjørn Håkon Hovde

Dersom du er ein av nesten to millionar nordmenn med eigen Facebook-profil, kan du no melde deg som ven av Bibelselskapet på det sosiale nettverket. I skrivande stund har sida 158 tilhengjarar.

Bibelselskapet nyttar den nyoppretta Facebook-sida til å orientere om nyhende, innsamlingsprosjekt, nye bøker og anna relevant informasjon frå arbeidet vi driv. Som tilhengjar av sida kan du mellom anna dele bibelord med andre og delta i ordskifte.

På Facebook-sida finn du også "Omsetjarverkstaden", der bibelomsetjarane tek opp spørsmål knytta til arbeidet med revideringa av bibelteksten. Som tilhengjar kan du dermed gje innspel og råd til omsetjarane via Facebook. 

Bibelselskapets profil ser du ved å søkje etter "Bibelselskapet" på www.facebook.com. For å bli tilhengjar av sida treng du berre å gjere eit museklikk for å stadfeste at du liker sida og vil bli tilhengjar. På den måten er du med på å gjere Bibelen nærverande også i cyberspace.