Gå til innhold

8 En gang var dere selv mørke, men nå – i Herren – er dere lys. Lev da som lysets barn!

Det Norske Bibelselskap har drive eit intensivt arbeid i Ukraina, heilt sidan staten vart sjølvstendig for 20 år sidan. Difor var dei norske representantane Bernt Greger Olsen og Stein Mydske i fokus under overrekkinga av æresdoktoratet i Kiev nyleg.

Foto: Det Norske Bibelselskap har drive eit intensivt arbeid i Ukraina, heilt sidan staten vart sjølvstendig for 20 år sidan. Difor var dei norske representantane Bernt Greger Olsen og Stein Mydske i fokus under overrekkinga av æresdoktoratet i Kiev nyleg.

Ukrainsk heider til Bibelselskapet

04. juni 2010. Bibelselskapet/KPK

Generalsekretær Stein Mydske og bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen i Det Norske Bibelselskap vart 31. mai utnemnde til æresdoktorar ved Odessa teologiske seminar. Same dag vart dei òg tildelt den høgaste ordenen i Den ukrainsk-ortodokse kyrkja.

Patriark Filaret delte ut den høgaste ordenen i Den ukrainsk-ortodokse kyrkja til dei tre representantane frå Bibelselskapet, her representert ved generalsekretær Stein Mydske. Områdesekretær for bibelselskapa i Europa og Midtausten, Peter Wigglesworth, mottok også heidersteikna saman med dei to nordmennene.
- De har hjelpt dei ukrainske kyrkjene til å samarbeide om ei felles utfordring: Å hjelpe folket til å lese Bibelen, uttalte patriark Filaret i samband med overleveringa.
Dei tre representantane vart og overrekt ei utmerking frå den ukrainske staten.
- Bibelselskapet har hatt ei viktig rolle som partnar i fornyinga av Ukraina, understreka den ukrainske religionsministeren, Yuri Reshetnikov, under overrekkinga.

Tidleg initiativ
Neste år feirar Ukraina 20 år som sjølvstendig stat. Same år feirast også 20 års jubileum for skipinga av Bibelselskapet i Ukraina. Allereie i 1990 hadde dåverande generalsekretær Ole Christian Kvarme og bibelmisjonsleiar Stein Mydske samtalar med ukrainske kyrkjeleiarar med tanke på å opprette eit eige bibelselskap i landet.
- Den gongen sa dei at det var umogleg. No overgår dei kvarandre i takk for det initiativet og den innsatsen som kom frå Dei sameinte bibelselskapa og Det Norske Bibelselskap, fortel Mydske.

Vidare samarbeid
Styreleiar for Bibelselskapet i Ukraina, Gregoriy Komendant, hadde teke initiativet til at dei tre gjestene frå England og Noreg vart utnemnde til æresdoktorar.
- Dette er eit uttrykk for den takksemda vi føler for den innsatsen de personleg og bibelselskapa har gjort for bibelarbeidet i vårt land dei siste 20 åra. No ser vi framover og håpar på eit framleis fruktbart samarbeid for å bringe Guds ord til alle dei 45 millionar menneska som bur i Ukraina, uttalte styreleiaren på årsmøtet for Baptistunionen i Kiev.