Gå til innhold

1 En salme av David.

Herren er min hyrde,
jeg mangler ikke noe.

«Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var» (Matt 2,9)

Foto: «Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var» (Matt 2,9)

Julehelsing frå Bibelselskapet

22. desember 2010.

Bibelselskapet ønskjer alle ei fredfull og velsigna julehøgtid, og godt nytt år.

Bibel.no tek ikkje juleferie. Daglege bibelord blir oppdaterte heile jula igjennom. For dei mange søn- og heilagdagane i jula finn du særskilt tilrettelagde meditasjonstekstar i form av Ordets Skole.

Bibelen i høgtidene inneheld bibelreferansar og omtale av adventstida, julaftan og juledagane - og for nyttårsdagen som òg er Jesu namnedag.

Estiphanie og dottera AlexiaEpifanie og dottera hennar
Mange av oss er med rette opptekne med familiejul, venskap, presangar og god mat. Midt i vår eigen velstand kan vi likevel samle oss nokre bel - gjerne i lag med familien, eller dei vi feirer jul med - og be for arbeidet som blir drive av bibelselskapa over heile verda:

Det Norske Bibelselskapet si utsending, Konstanse Raen, rapporterar frå hiv/aids-prosjektet Den miskunnsame samaritan. Der skildrar ho eit møte med Epifanie, ei kvinne frå Kigali i Rwanda, som i mange år har vore sjuk av aids. Ho lever saman med dottera si, Alexia. Berre 15 år gammal måtte ho slutte i skolen for å ta hand om mor si.

Rommet dei bur i har ei seng ved vindauget og to stolar attmed. Bak eit forheng lagrar dei mesteparten av kleda sine og det dei elles eig. På bordet ved senga står det ein radio, og der ligg det også ein velbrukt bibel.

– Er det nokre bibelord du set særskilt pris på, spør Konstanse.
Epifanie grip raskt til Bibelen sin, og slår med kjende fingrar opp på Salomos ordtøke 30,7-9. Med klår røyst les ho:
«To ting vil eg be deg om, dei må du ikkje nekta meg før eg døyr: Hald lygn og fals langt borte frå meg, og gjev meg korkje armod eller rikdom, men lat meg få den mat eg treng! Elles kunne eg verta så mett at eg fornekta deg og spurde: «Kven er Herren?» eller verta så fattig at eg stal og forbanna namnet åt min Gud.»

Denne kvinna, nærast lamslått av aids, hadde nokre år tidlegare opplevd at mesteparten av familien hennar vart drepne i folkemordet i Rwanda. Berre Alexia hadde ho att, dottera som tok hand om den sjuke mor si. Framtida for den vesle familien var uviss, men med finansiell hjelp frå Noreg fekk Alexia byrje på eit sy-kurs. Året etter hadde ho fått diplom. Inntektene frå produkta ho lagar er nok til å halde liv i dei båe - og gjev òg von om ei betre framtid for ungjenta.

Vi oppmodar alle bibelvener om å be for Epifanie og Alexia, for folket i Rwanda og for dei som er råka av hiv/aids. Det er òg mogleg å gje ei gåve til arbeidet.

Takk
Bibelselskapet nyttar høvet til å takke for forbøn, gåver og lojal stønad til det store og viktige arbeidet som blir drive, både i Noreg og internasjonalt. Med hjelp frå trufaste norske bibelvener har vi von om stadig å kome nærare visjonen vår: «Å gje menneske Guds ord på eit språk dei skjøner til ein pris dei kan betale.»

God jul!

Gje ei gåve!

Den barmhjertige samaritan

Kun 349 kroner er nok til kursmateriell for hele 50 personer. Med din støtte kan vi redde liv!
Les mer