Gå til innhold

36 En av fariseerne innbød Jesus til å spise hos seg, og han gikk inn i fariseerens hus og tok plass ved bordet.

Kontoret til Det israelske bibelselskapet ligg berre nokre kvartal frå gamlebyen i Jerusalem.

Foto: Kontoret til Det israelske bibelselskapet ligg berre nokre kvartal frå gamlebyen i Jerusalem.

Bibelnytt frå heile verda

02. februar 2011.

Glimt frå det internasjonale bibelarbeidet.

29 millionar biblar i 2009

I 2009 vart det distribuert 29 millionar biblar i verda. Det er ein auke på 3 % frå 2008. Tar vi med nytestamente, bibeldelar og andre skrifter med utrdrag frå Bibelen, er den totale mengda utrulege 430 millionar eksemplar som dei om lag 140 bibelselskapa i verda selde eller delte ut. Bibelselskapet i Brasil stod for halvparten av dette.

Jamvel om det utgjer ein liten del (0,5 mill.), auka formidlinga av biblar via andre media enn papir med 30 %. Det gjeld lydbiblar, film, databiblar med meir.



Ny bibel i Vietnam

I det tradisjonelt buddhistiske landet Vietnam, med 8 % kristne, vart det i september 2010 presentert ei ny revidert utgåve av Bibelen. Under lanseringa fekk kyrkjeleiarane ei helsing og ei utfordring frå Nehemja 8,8: ”Dei las opp or Guds lovbok, stykke for stykke, og tolka det som vart lese, så folket skjøna det.” Både den offisielle kyrkja og huskyrkje-rørsla var til stades under lanseringa.



Biblar for jødar og turistar i Jerusalem

Berre nokre få kvartal unna gamlebyen i Jerusalem har Det israelske bibelselskap kontor og bokhandel. Her arbeider dei for å møta så vel den vanlege israelar med bodskapen om Jesus som Messias, som dei mange turistane som vitjar Israel. Bokhandelen sel biblar på mange språk. Ei av bøkene dei særleg ønskjer å gjera kjend for sine jødiske landsmenn, heiter ”Den guddommelege Messias”. Boka tek for seg tekstar frå Det gamle testamentet som omhandlar Messias, og viser korleis desse profetiane vert oppfylte i Det nye testamentet.



Bibelkonkurranse for skuleborn på Malta

For tredje gong har Bibelselskapet på Malta arrangert bibelquiz for born. Denne gongen deltok born på åtte år frå 16 skular. Det var stor entusiasme for prosjektet mellom skuleborna, lærarar og familiane til borna. Konkurransen tok utgangspunkt i historia til ni bibelske personar, og vart send i radio over heile landet.



Bibelselskapet med naudhjelp til Gaza

Det palestinske bibelselskap stengde kontoret og bokhandelen i Gaza etter fleire attentat der ein tilsett vart drepen i 2007. Likevel er Bibelskapet til stades i Gaza. Det siste halvåret har 400 familiar fått hjelp med mat og andre naudsynte ting, og 30 fiskarar får støtte til fiskereiskapar slik at dei kan halda fram med yrket sitt. Å administrera dette arbeidet frå Vestbreidda er ei stor utfordring.



Lydbiblar svært populære i Etiopia

I eit land der to tredjedelar av folket ikkje kan lesa, er lydbiblar ein svært god måte å spreia Guds ord på. Det etiopiske bibelselskapet har bruk av lydbiblar som eitt av sine viktigaste prosjekt. I løpet av åtte år er det blitt etablert 2 500 lyttegrupper der 1,2 millionar menneske har delteke! I det siste har programmet inkludert lyttegrupper av blinde og svaksynte, i fengsel, mellom gateborn, på sjukehus og barneheimar.


Kjelde: UBS