Gå til innhold

72 Han viste miskunn mot våre fedre
og husket på sin hellige pakt,

Sidan 1947 er det funne heile 900 fragment av religiøse tekstar i holene ved Daudehavet.

Foto: Sidan 1947 er det funne heile 900 fragment av religiøse tekstar i holene ved Daudehavet.

Daudehavsrullane på Google

11. januar 2011.

I oktober 2010 kunngjorde israelske kulturminnestyresmakter at dei i samarbeid med Google skal gjera dei såkalla Daudehavsrullane fritt tilgjengelege på internett.

Sidan 1947 er det funne fragment av om lag 900 religiøse dokument i holer nær Qumran-ruinen ved Daudehavet. Dei eldste kan tidfestast til 200-talet før Kristus; dei yngste til Jesu levetid. Mange av bokrullane inneheld bibeltekstar. Dette er dei eldste bibelmanuskripta som finst. Qumran-biblioteket gir eit interessant innblikk i jødisk tru og liv på Jesu tid. Funnet er svært viktig for bibelforsking og bibelomsetjing.

I den nye omsetjinga som Bibelselskapet utgir til hausten, er det fleire stader teke inn ny informasjon frå dei gamle bibelhandskriftene frå Qumran. Eit døme er Salme 145. På hebraisk byrjar kvart vers i salmen med ein ny bokstav i alfabetet, men i den tradisjonelle bebraiske mellomalderteksten manglar bokstaven nun. Septuaginta, den gamle greske bibelomsetjinga, har eit ekstra vers her. Og i Qumran vart den manglande hebraiske teksten til dette verset funne. I den nye norske omsetjinga blir orda ”Herren er påliteleg i alt han seier, trufast i alt han gjer” sette inn på slutten av Salme 145,13, men det blir markert i teksten at verset manglar i dei fleste bibelhandskrifter. Snart kan alle som vil, klikka seg inn og studera avanserte fortografi av denne og alle andre tekstar frå Qumran. Det er også meininga å leggja ut omsetjingar og annan dokumentasjon, opplyser Israel Antiquities Authority. Dette kan altså bli eit nyttig hjelpemiddel jamvel om du ikkje skulle vera i stand til å lesa gamal hebraisk skrift.

«Leon Levy Dead Sea Scrolls Digital Library» Will Enable Imaging, Digitization of 900-Manuscript Collection.

Les mer (engelsk)