Gå til innhold

34 Vær på vakt og la ikke hjertet bli sløvet av rangel og drikk og dagliglivets bekymringer, så den dagen plutselig kommer over dere

Ramez Athalla er generalsekretær i Det egyptiske bibelselskap.

Foto: Ramez Athalla er generalsekretær i Det egyptiske bibelselskap.

Nytt frå Egypt

09. mai 2011.

Bibelselskapet vil byggja opp att landet med hjelp frå profeten Nehemja.

Bibelselskapet har hatt spanande månader saman med det egyptiske folket dette året. I månadsskiftet januar-februar var situasjonen svært spent medan folk venta på at president Mubarak skulle gå av. Generalsekretær Ramez Atallah takkar for forbøn og skriv:
- Den natta då butikkar, kontor og køyrety vart øydelagde av vandalar, var det også ein mobb som nærma seg lokala til Bibelselskapet. Tryggingsvaktene våre hadde rømt, men dei muslimske grannane våre var budde på å forsvara hus og heim, også kontoret til Bibelselskapet. Men brått stansa gjengen og trekte seg tilbake. Naboane våre var overtydde om at det var Gud som greip inn, fortel Ramez.

- Den kristne trua vart fødd under ustabile politiske forhold og har seinare vakse under press, påstår Ramez. Han ser på dagens Egypt som eit gyllent høve for å gjera Guds ord kjent. Den årlege bokmessa i Kairo er avlyst, ein av dei viktigaste stadene for Bibelselskapets arbeid. I staden har dei produsert eit hefte basert på Nehemjas bok i GT. 300 000 eksemplar av heftet vil bli trykte opp. Ein vil også annonsera i avisene. Det vert henta fram bibelske verdiar som no trengst for å få Egypt på fote att: Hardt arbeid, truskap, tilgiving, kjærleik, rettferd, samarbeid, ærlegdom.

Kjelde: UBS