Gå til innhold

21 Men nå er Guds rettferdighet, som loven og profetene vitner om, blitt åpenbart uavhengig av loven.

Bibel 2011 kunstskinn

Foto: Bibel 2011 kunstskinn

Veldig mange små endringar i Bibel 2011

20. oktober 2011.

- Det blir få store endringar i den nye Bibelen som kjem i oktober. Derimot blir det veldig mange små endringar, mest i kvart vers, fortel oversetter Anders Aschim, Bibelselskapet.

Teologen Anders Aschim har vore sentral i arbeidet med omsettinga av Bibelen som blir lansert 19. oktober 2011. Eit spørsmål mange har stilt Aschim den seinare tida er om Bibelen ikkje alt er omsett til norsk frå før. - Fleire gonger, men historia om norsk bibel-omsetjing er eigentleg ganske kort, fortel Aschim.

- Lenge las ein Bibelen på dansk i Noreg. Den første fullstendige bibelutgåva på bokmål kom i 1904, den første nynorske i 1921. Desse omsetjingane blei reviderte i 1930 (bokmål) og 1938 (nynorsk).

Så gav Bibelselskapet ut nye bibelomsetjingar både til nynorsk og bokmål i 1978. Etter den tid har det kome fleire omsetjingar frå andre utgjevarar: Norsk Bibel (bokmål 1988, nynorsk 1998), Ny Verden-omsetjinga (1996), og Bibelen Guds Ord (1998), dei to siste berre på bokmål.

Tar omsyn til ”Daudehavrullane”

- Kvifor da omsetje ein gong til?

- For det første fordi det norske språket heile tida er i endring. Skal Bibelen nå fram til nye generasjonar, må bibelspråket tale til dei. For det andre kjem det faktisk stadig ny kunnskap, òg om så gamle og gjennomstuderte bøker som Bibelen. Dette er den første norske bibelomsetjinga som kan ta omsyn til alle dei gamle bibeltekstane frå Qumranbiblioteket, dei såkalla «Daudehavsrullane». Dei blei funne for meir enn seksti år sidan, men først no er heile materialet publisert. For det tredje fordi synet på omsetjing endrar seg. Vi omset ikkje på ny fordi den førre omsetjinga er dårleg. Tvert om, den er på mange måtar svært god. Men kvar omsetjing ber preg av si eiga tid, og i dag verkar 1978- omsetjinga litt «syttitals».

- Så no skal bibelspråket bli «kult» for å nå ungdommen?

- Nei. Det skal vere eit godt og moderne litterært norsk, eit språk som både gamle og nye bibellesarar kan kjenne seg att i.

Betre plass for bibelske bilde

- Korleis har synet på omsetjing endra seg?

- På 1970-talet var ein svært oppteken av kommunikasjonsteori. Det kunne føre til forklarande omskrivingar. Bibelen er full av biletspråk, symbol og metaforar. Mange av desse bileta kan verke litt rare når ein prøver å gje dei att på norsk. Da er ei mogleg løysing å tolke meininga til daglegspråk når ein omset, i staden for å prøve å representere sjølve biletet. Men noko går tapt på den måten. Dei siste tiåra har ein vore meir oppteken av litterære og språklege mønster i dei greske og hebraiske tekstane.

Det har ført til eit større medvit om dei ulike uttrykksformene i Bibelen og eit ønske om å spegle meir av dette særpreget i omsetjinga. Vi har prøvd å vinne att bibelske bilete som blei borte, og vi har i høgare grad prøvd å nytte same norske ord kvar gong vi omset eit hebraisk eller gresk ord. Dette er òg eit svar på ein del kritiske innvendingar mot omsetjinga frå 1978, seier oversetter Anders Aschim i Bibelselskapet.