Gå til innhold

26 Men da Elisabet var i sjette måned, ble engelen Gabriel sendt fra Gud til en by i Galilea som het Nasaret,

Konstanse Raen

Foto: Konstanse Raen

Bibelen skaper skriftspråk

20. oktober 2011.

Ein kan meine mangt om kristen misjon. Ofte har misjonærar vore skulda for kulturimperialisme, ikkje alltid med urette. Men ei sak kan neppe diskuterast: Utan kristen misjon, utan viljen til å spreie den bibelske bodskapen til nye kulturar og språkgrupper, hadde verda hatt langt færre skriftspråk og langt fleire analfabetar. Kristne misjonærar har vore pionerar for skriftfesting av talespråk og for lese- og skriveopplæring.

Samisk er eit godt eksempel. Det var misjonærar som frå 1700-talet av – i Sverige alt i hundreåret før – skriftfesta dei samiske språka, både på norsk, svensk og finsk side av det samiske området. Dei første bøkene var ABCbøker og åndeleg lesnad, slikt som katekismar og andaktsbøker. I dag finst det ei fullstendig bibelomsetjing frå 1895 til nordsamisk, og ei ny omsetjing er under arbeid. Nytestamentet finst på lulesamisk, medan sørsamisk så langt berre har fått delar av Bibelen i omsetjing.

Gjennom tidene er det investert ein mest ufatteleg innsats av menneskelege og økonomiske ressursar i slikt språkutviklingsarbeid. Ein kan nok finne eksempel på at misjonen har gått ærend for kolonimaktene, men oftast ligg det ein genuin og religiøst grunna idealisme bak slike tiltak. Kyrkjehistoria er full av heltesoger. To av dei går lys levande rundt på kontoret der eg arbeider i Oslo. Eg har lyst til å fortelje om dei.

Den norske avdelinga av organisasjonen Wycliffe leiger kontorplass hos Bibelselskapet. Organisasjonen har namnet sitt frå den engelske bibelomsetjarpioneren John Wycliffe, som levde på 1300-talet.

Leiaren, Sigmund Evensen, reiste saman med kona Ingjerd og familien til Papua Ny-Guinea i 1979. Dei busette seg i eit utilgjengeleg fjellområde mellom umanakaina-folket. Språket umanakaina har om lag 2400 språkbrukarar, og det hadde aldri vore nedskrive. I løpet av ein 20-årsperiode, der familien Evensen for det meste budde mellom landsbyfolket, utvikla dei først ei skriftnorm for umanakaina. Samtidig hadde dei sett i gang det lange og vanskelege arbeidet med å omsetje Det nye testamentet ikkje berre til eit nytt språk, men til ein kultur som mangla mange institusjonar og omgrep som var sjølvsagte for den antikke middelhavskulturen og for den moderne europeiske kulturen.

Da testamentet var ferdig trykt, møttest mest alle brukarar av språket for å feire hendinga med ein stor fest. Denne første boka blei feira som eit nyfødt barn. Her handlar det om ei lingvistisk bragd med store personlege kostnader. Arbeidsmåten er typisk for Wycliffe som organisasjon: Medarbeidarane får ei grundig lingvistisk trening, dei buset seg og lever i eit språksamfunn utan skriftspråk, ofte over lang tid, dei utviklar skriftsystem og omset Bibelen.

Konstanse Raen kom saman med mannen John Gunnar til Kamerun som misjonær for Det Norske Misjonsselskap i 1972. Kamerun har mange språk. I den nordlege delen er fulani eller fulfulde utbreidd som felles handelsspråk. Men i kyrkjelyden der familien Raen arbeidde, var daglegspråket pere, eit språk med om lag 15 000 språkbrukarar i grensetraktene mellom Kamerun og Nigeria.

Det vart ei todeling mellom kvardagslivet og kyrkjelivet. Heime rådde perespråket grunnen, det var det dei brukte i arbeid og fest, i sorg og glede, i meddeling av nyheiter og løyndomar. “Meir enn ein gong gjekk vi i flokk og følgje ned til kyrkja leande og pratande, og helsings-reglene song i lufta, alt på pere”, fortel Konstanse Raen. Så kjem vi fram til kyrkja, går inn, og dermed skifter dei språk. Nå finn dei fram fulanisongboka, ber på fulani, les og preikar på fulani.

Nokre av oss har lese liknande skildringar om tilhøva i Noreg på 1800-talet, da dansk framleis var nytta i kyrkja, i skolen og i offentleg forvaltning. Konstanse Raen og lokale medarbeidarar gav ut grammatikk og lesebok i pere-språket i 1978, og i 1986 kom nytestamentet ut. Her er det grunn til å nemne enda eit aspekt ved dette prosjektet: Den låge statusen til pere-folket og –språket. Dei fulani-talande omtala dei som ”kutin”, eit ord som tyder ”bikkjer”.

Å få eit skriftspråk, eit nytestamente, ein litteratur på morsmålet, gjorde samtidig noko med status og sjølvbilde til brukarane av pere-språket. ”Det går mangt eit menneske og ser seg fritt omkring for Ivar Aasens skuld”, skreiv Tarjei Vesaas. I denne delen av Kamerun går det faktisk mangt eit menneske og ser seg fritt omkring for Konstanse Raens skuld. I år går ho av med pensjon etter å ha arbeidd for Bibelselskapet dei siste yrkesaktive åra sine, for det meste i Afrika.

Utdrag frå artikkel i Syn&Segn