Gå til innhold

16 For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

Karl Johan Hallaråker (Foto: ImF Media)

Foto: Karl Johan Hallaråker (Foto: ImF Media)

Givande bibelomsetjing

16. mars 2011.

Tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet Karl Johan Hallaråker, har hatt både ein og to fingrar med i spelet rundt den heilt nye Bibelen som kjem til hausten.

Tekst: Egill J. Danielsen, for Sambåndet

Hallaråker er teolog og har det siste tiåret sete i Kyrkjeleg rådgjevingsgruppe i Det Norske  Bibelselskap. Dette arbeidet har gått ut på at han og resten av gruppa – representantar for ulike trussamfunn og språkfolk – har drøfta tekstane som omsetjarane av den heilt nye bibelomsetjinga har lagt fram undervegs.

Innsett av Gud
– Kva gjer Bibelen til Bibelen - og ikkje ei vanleg historisk bok?
– For å finna svar på dette må vi gå til Bibelen sitt eige vitnemål om seg sjølv. Bibelen seier om seg sjølv at både GT og NT er gudinspirerte ord. Det finst ein rekkje skriftstader som taler om dette, blant anna i 2. Tim 3,16 der det står skrive følgjande: «Heile Skrifta er innanda av Gud og nyttig til lærdom, til overtyding, til rettleiing, til oppseding i rettferd.»

– Eg trur at også NT er innanda – eller inspirert – Guds ord, men også vi som er trygge på at Bibelen er Guds openberringsord, må ta på alvor at vi har inga original gullbok. Det vil alltid vera ei bibeltru forskingsoppgåve å arbeida med dei mange tekstvitna og finna den beste bibelske teksten. Difor er det også greitt at vi i norske biblar finn fotnotar og forklaringar om kva tekst som er vald og ikkje vald, seier han.

Ulike prinsipp
– Kvifor vert 2011-utgåva ein betre bibel enn 1978-utgåva?
– Som alt nemnd var 78-utgåva ideomatisk omsetjing. Intensjonen var jo god med å hjelpa folk til å forstå kva som var skrive. Men då tapte ein både bredde og djupn i mange bibelske ord og uttrykk, konstaterer Hallaråker og fortsett:

– I det nye revisjonsarbeidet har ein gått tilbake til meir ordrett omsetjing. Eg trur dei aller fleste er samde om at det er eit mykje betre omsetjingsprinsipp. Elles må eg leggja til at problematikken har vore mindre kring nynorskutgåva. Nynorsk er eit meir verbalt språk, og då blir faktisk ikkje skilnadane til grunnteksta så store som for bokmålet sin del.

– Kan du gi eit døme på diskusjonsemne de har hatt i rådet?
– I nynorskbibelen er nå «kyrkjelyd» bytt ut med «forsamling». Det er ei mykje betre omsetjing av det greske ordet «ekklesia». Sjølv meiner eg nok at bokmålsordet «menighet» også burde vore bytt ut på same måten. Kanskje det skjer med neste revisjon?

Ung kvinne
– Mest kjend frå media er nok omsetjinga av Jes 7,14; om ein skal bruka ordet «jomfru» eller «ung kvinne». Det er også kjend frå media at eg har vore mellom dei som tala for å halda på den tidlegare omsetjinga «jomfru» i bokmålsutgåva. Mine grunnar er primært at den omsetjinga er mogeleg og heilt naturleg forståing både ut frå det hebraiske GT og den greske omsetjinga av GT som var kjend på Jesu tid. I NT er det også heilt klart at profetien er knytt til ei jomfru som skulle føda Jesusbarnet, seier teologen og syner til Matt 1,23 som eit døme.

– Men eg må straks leggja til at valet dei landa på om «ung kvinne» ikkje må tolkast som liberalt eller som svekking av jomfrufødselen. Vi må tru omsetjarane på at det berre er språklege val som er gjort i GT-teksta. Det hebraiske ordet «almah» tyder kort og godt «ung kvinne».

Spesialkonsulenten meiner at profetien i Jes 7,14 ikkje vert dårlegare ved at «ung kvinne» vert nytta. Fordi NT seier tydelig slik han har nemnd, at denne kvinna er jomfrua Maria. Og Hallaråker vedgår at fleirtalet som valde «ung kvinne» faktisk er meir konkordante i si tilnærming til dette spørsmålet.

– Ja, vi som ønska «jomfru», må passa oss så vi ikkje møter oss sjølve i dette spørsmålet. Det er jo nettopp ein mest mogeleg ordrett omsetjing vi vil ha. Og i spørsmålet Jes 7,14 er det faktisk den gamle bruken av ordet som er ideomatisk eller meiningsprioriterande omsetjing, prinsippet som 78-utgåva var tufta på.

Anden følgjer Ordet
Teologen seier at han summa summarum har stor tillit til det arbeidet som bibelomsetjarane no har gjort. Han vedgår at ein kan ha ulike vurderingar både om omsetjingsval og norsk språkbruk. Men det rokkar ikkje ved at det er gjort eit stort og grundig arbeid.


Dette er ein forkorta versjon av intervjuet som stod på trykk i Sambåndet nr. 02/2011
Du kan laste ned heile artikkelen som PDF-dokument

  • Forståelig for mennesker i dag
  • Bygger på de eldste håndskriftene
  • Mest benyttet i menighetene
  • En bibel barn og unge er kjent med
  • Bibelselskapet støtter bibelarbeid i hele verden

Les mer om Bibel 2011