Gå til innhold

1 Da kan himmelriket sammenlignes med ti brudepiker som tok oljelampene sine og gikk ut for å møte brudgommen.

Fleire enn 1000 personar var til stades ved innviinga av Quichua Cañar-bibelen i Cañar, Ecuador (Foto: Bernt Greger Olsen)

Foto: Fleire enn 1000 personar var til stades ved innviinga av Quichua Cañar-bibelen i Cañar, Ecuador (Foto: Bernt Greger Olsen)

Bibelfest i Cañar, Ecuador

01. april 2011.

Kichwa-folket i Cañar i Ecuador har fått heile Bibelen på sitt eige språk; kichwa-cañari.

Tekst: Atle Ølstørn og KPK

Etter over 20 års arbeid kunne kichwa-folket i Cañar endeleg feire at dei har fått heile Bibelen på språket sitt. I dette arbeidet har Normisjon vore ein viktig samarbeidspartnar.

Feira med tog
Førre helg var det ein stor fest i Cañar i Ecuador då lutheranarar og baptistar markerte kichwa-folket si eiga omsetjing. Eit langt tog på nesten to kilometer av gåande og køyrande rørte seg cirka ei mil for å feire og for å vise takksemda si. Dei ulike kyrkjene dekorerte bilane med namna på kyrkjene og ulike slagord. Frå nokre bilar tona lovsong ut av høgtalarane. Det var misjonærar frå Normisjon, den gang Santalmisjonen, som kom med evangeliet til Cañar.

– Før gjekk urbefolkninga i 1. mai-tog frå Tambo til Cañar. Då ropte dei: «Bort med utlendingane og de evangeliske kristne». Men misjonærane drog ikkje, og sjå kor mange vi har vorte. I dag går vi i takketog til Gud for evangeliet og for at vi endeleg har fått Bibelen på vårt eige språk, fortel Adela Guaman, kyrkjepresident i IELIE, Normisjon si samarbeidskyrkje.

Norske gjester
Det Norske Bibelselskap har finansiert fullføringa av omsetjingsarbeidet og trykkinga. Generalsekretær i Bibelselskapet, Stein Mydske, var hovudgjest saman med representantar frå Bibelselskapet internasjonalt og nasjonalt i Ecuador. Leiar for Bibelselskapet sitt internasjonale arbeid, Bernt Greger Olsen, var og til stades. Han har tidlegare vore misjonær for Normisjon i Ecuador. Dale Nesse, frå den amerikanske lutherske misjonsorganisasjonen World Mission Prayer, leia omsetjingsarbeidet dei første åra. Han var og ein av hovudgjestene denne dagen.

Bibel-kø etter festen
Stein Mydske sa i si helsing at det var ei glede for Bibelselskapet å få vere med å omsetje og gi ut Bibelen på cañar-kichwa. Dei kristne i Cañar kvitterte med å kle både Stein Mydske, Bernt Greger Olsen og Dale Nesse i den lokale kichwa-ponsjoen. Marie Mikklesen og Lindi Eidmen, som begge har vore misjonærar for Normisjon i Cañar i mange år, reiste og frå Noreg til Ecuador for å vere med på feiringa. Fleire av Normisjon sine Ecuador-misjonærar i dag var der og. Etter at festen var slutt, stod folk i kø for å kjøpe Bibelen på cañar-kichwa. IBLE, bibelinstituttet som Normisjon samarbeider med, kjøpte 80 biblar slik at studentane frå no av kan bruke biblane på cañar-kichwa i studia sine.

KPK