Gå til innhold

16 For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

Frå venstre: Bibelomsetjar Hans-Olav Mørk og generalsekretær Stein Mydske i Bibelselskapet. Forlagssjef Svein E. Andersen og bibelomsetjar Norvald Yri i Bibelforlaget (Hermon Forlag). Foto: Dag Kjær Smemo

Foto: Frå venstre: Bibelomsetjar Hans-Olav Mørk og generalsekretær Stein Mydske i Bibelselskapet. Forlagssjef Svein E. Andersen og bibelomsetjar Norvald Yri i Bibelforlaget (Hermon Forlag). Foto: Dag Kjær Smemo

Saman om bibelspreiing i Syria

05. april 2011.

Stein Mydske, generalsekretær i Bibelselskapet, inviterte nyleg sentrale personar i Bibelforlaget og Hermon Forlag til ein samtale om bibelomsetjing og bibelmisjon.

Etter samtalane overrekte forlagssjef Svein E. Andersen ei gåve på 50 000 kroner til Bibelselskapet sitt arbeid i Syria. Bibelselskapet og Bibelforlaget står bak dei to mest selte bibelomsetjingane til norsk, og vert i mange samanhengar oppfatta som konkurrentar. Med pengegåva til Bibelselskapet ønskjer forlagssjef Svein E. Andersen å synleggjere at han deler Bibelselskapet sin visjon om å gi alle menneske Guds ord på eit språk dei forstår og til ein pris dei kan betale.

– I Vesten har vi eit luksusproblem, vi kan velje mellom fleire ulike bibelomsetjingar. Mange menneske i andre land har ikkje Bibelen på sitt eige språk, eller dei har ikkje råd eller moglegheit til å skaffe seg sin eigen bibel, seier Stein Mydske.

Biblar til Syria
Syria er eit land med muslimsk fleirtal, men med ein veksande kristen minoritet. I 2011 vil Bibelselskapet støtte bibelarbeidet i Syria med minimum 150 000 kroner.

– Dette er eit føremål vi gjerne bidreg til. Gåva på 50 000 kroner er eit konkret vitnesbyrd om at vi anerkjenner det viktige arbeidet Bibelselskapet gjer i denne delen av verda. Bibelforlaget har tradisjonelt støtta bibelspreiing gjennom undergrunnsarbeid i lukka land. Men vi har likevel stor tru på Bibelselskapet sitt arbeid og den internasjonale verksemda som vert drive gjennom Dei sameinte bibelselskap, understrekar Svein E. Andersen.

Open samtale
– Vi synest det er viktig å vise at vi kan samarbeide om arbeidet med å bringe Guds ord til nye menneske. På møtet vårt diskuterte vi også korleis vi best kan omsetje Bibelen her i Noreg. Vi ønskte å invitere Bibelforlaget til ein open samtale om desse utfordringane. Samtaleforma gjer det ofte mogleg å drøfte synspunkt på ein meir nyansert måte enn i debattspaltene i avisene, avsluttar generalsekretær Stein Mydske i Bibelselskapet. At trufaste bibellesarar også kan ha glede av å bruke fleire norske omsetjingar, er Mydske og Andersen samde om.

KPK