Gå til innhold

1 En bønn av David.

Vend øret til, Herre, svar meg,
for jeg er hjelpeløs og fattig!

Den Nationale Scene i Bergen set opp stykket "Ordet" av Kaj Munk i samband med bibellanseringa i oktober 2011. (Biletet er henta frå Wikimedia - og publisert i tråd med Creative Commons-lisens)

Foto: Den Nationale Scene i Bergen set opp stykket "Ordet" av Kaj Munk i samband med bibellanseringa i oktober 2011. (Biletet er henta frå Wikimedia - og publisert i tråd med Creative Commons-lisens)

Ordet - ein tidlaus og grenseprengjande kraft?

24. september 2011. Ragna Sofie Grung Moe

Konferanse om litterære og språklege verdiar i møtet mellom samfunn, kunst og heilage tekstar: I Bergen samarbeider kyrkje og teater tett om ein annleis konferanse. 24. og 25. oktober skal den nye bibelomsetjinga og teaterframsyninga ”Ordet” av Kaj Munk diskuterast og debatterast.

Bjørgvin bispedømeråd valde i 2010 "ordet" som spesialfelt for kultursatsinga i bispedømet. Dette er bakgrunnen for konferansen som blir prega av biskopen og bispedømet sitt samarbeid med Den Nationale Scene som i år set opp skodespelet ”Ordet” av den danske dramatikaren og presten Kaj Munk, og Det Norske Bibelselskap som skal lansera ny bibelomsetjing i oktober.

Eit sterkt lag av kompetente fagfolk; mellom anna språkmann Sylfest Lomheim, forfatter Hanne Ørstavik, biskop Halvor Nordhaug og teatersjef Bjarte Hjelmeland, møter et engasjert publikum av kyrkjefolk, akademikarar, studentar, pensjonistar og folk flest. Dei to hovudsamtalane blir styrt av Hilde Sandvik, kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende og Kari Veiteberg, studierektor ved Liturgisk senter i Trondheim. Prestar og andre interesserte kan melde seg på til eit spesialsydd kurs i formidling med skodespelarar frå Den Nationale Scene.

Fullstendig program finn du her: http://www.kyrkja.no/bjorgvin

Konferansen ORDET er eit samarbeid mellom Bjørgvin bispedøme, Bibelselskapet, Den Nationale Scene og Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Bidragsytarar er Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Fritt Ord og Norsk kulturråd.

Kontaktperson: kulturrådgiver Ragna Sofie Grung Moe, tlf. 952 77371