Gå til innhold

17 Jesus dro nå opp mot Jerusalem. På veien tok han de tolv disiplene til side og sa til dem:

Rektor Trond Blindheim trur Bibel 2011 vil skape stort engasjement, slik lanseringa av viktige merkevarer alltid gjer. (Foto: Ole Andreas Husøy, KPK)

Foto: Rektor Trond Blindheim trur Bibel 2011 vil skape stort engasjement, slik lanseringa av viktige merkevarer alltid gjer. (Foto: Ole Andreas Husøy, KPK)

– Verdas sterkaste merkevare

20. oktober 2011.

– Ein draum å få jobbe med verdas sterkaste merkevare, seier rektor ved Markedshøgskolen, Trond Blindheim.

Ole Andreas Husøy, KPK

Blindheim har delteke i ei gruppe som har arbeidd med marknadsføringa av Bibel 2011. Blindheim ga på pressekonferansen etter lanseringa uttrykk for følelsen av å vere med på noko stort når ein er involvert i arbeidet med ei ny bibelutgåve. Han samanlikna lanseringa med store lanseringar av The Beatles og av Apple sine lanseringar av ny teknologi.
Blindheim ventar stort engasjement når den nye bibelomsetjinga no er komen på marknaden.

– Når verdas sterkaste merkevarer kjem på marknaden, skaper dei alltid stort engasjement. Eg trur den nye bibelomsetjinga vil føre til mange kronikkar og debattinnlegg i tida som kjem, spår Blindheim.

Lest, trudd og levd
– 11 års arbeid der ei rekkje menneske har vore involvert, og der det er brukt 32 millionar kroner i arbeidet med å omsetje 1400 boksider, seier noko om kor grundig omsetjararbeidet er utført, seier styreleiar i Bibelselskapet, Tor Tjeransen.

– Bibelselskapet sine folk har ikkje drive med dette av akademisk interesse, men vi har gjort det i nært samarbeid med dei kristne trussamfunn her i landet. Vårt ønskje er at Bibel 2011 skal bli lest, trudd og levd, seier styreleiaren.

– Dette er den beste bibelomsetjinga det norske fagmiljøet kan få til i dag, seier han.

– Spanande
Tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, er mellom dei som har vore involvert i omsetjingsarbeidet.

– Eg har i språksamanheng aldri vorte med på noko så spanande som dette. Eg vil aldri gløyme dei fire-fem åra vi sat saman i gruppa som arbeidde med Det nye testamentet. Utruleg spanande, seier Lomheim.

KPK