Gå til innhold

1 Mange har forsøkt å gi en fremstilling av det som er blitt oppfylt blant oss,

Frank Tangen er ein av dei fire som har lese inn lydbibelen. Foto: KABB

Foto: Frank Tangen er ein av dei fire som har lese inn lydbibelen. Foto: KABB

Snart klar med lydbibel

21. oktober 2011.

Samstundes som Bibelselskapet onsdag lanserte den nye bibelomsetjinga, har Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte (KABB) klar lydversjonen av Det nye testamentet.

Av Ole Andreas Husøy, KPK

Det har vore jobba i fleire månader allereie med å gi syns- og lesehemma tilgang til den nye bibelomsetjinga i form av ein lydbibel. KABB kjem til å ha den komplette lydbibelen i sal frå 1. januar 2012. Den vil då vere tilgjengeleg i fleire ulike format.

Fire innlesarar
KABB har engasjert fire innlesarar som står for innlesinga av Bibel 2011. Det er Magne Bruteig, Nils Ole Oftebro, Birgitte Bjørnstad Sæbø og Frank Tangen. Alt er no lese inn, men det er tusenvis av lydfiler som skal gjennomarbeidast og kontrollerast, slik at det ferdige produktet blir ei god oppleving for lyttarane.
Det er ein stor og krevjande jobb, der KABB har engasjert ein produsent, fleire teknikarar, ”korrekturlyttarar” og fleire andre for å gjennomføre prosjektet. Generalsekretær Ingvar Nevland seier KABB ser det som ei stor ære å få lese inn Bibelen. Snart går ein også i gang med nynorskversjonen.

– Sjølv om KABB produserte Bibelen frå Bibelselskapet i 1978 – den gong bestod lydutgåva av 116 kassettar, er nok produksjonen i 2011 eit av dei største prosjekta KABB har gjennomført, meiner Nevland.

KPK