Gå til innhold

18 Da sa Herren Gud: «Det er ikke godt for mennesket å være alene. Jeg vil lage en hjelper av samme slag.»

Generalsekretær Stein Mydske i Bibelselskapet overrekte den aller første predikantutgåva av Bibel 2011 til Karl Johan Hallaråker. Foto: Tarjei Gilje, Dagen

Foto: Generalsekretær Stein Mydske i Bibelselskapet overrekte den aller første predikantutgåva av Bibel 2011 til Karl Johan Hallaråker. Foto: Tarjei Gilje, Dagen

Karl Johan Hallaråker fekk den første store Bibelen

07. november 2011.

Hallaråker fekk bibelgåva i samband med tildelinga av Kongens fortenstmedalje i gull laurdag 5. november.

Den tidlegare generalsekretæren i Indremisjonsforbundet har følgt omsetjingsarbeidet i fleire år. Han har teke aktivt del i Kyrkjeleg responsgruppe som har fått tekstane til gjennomlesing, gitt viktige tilbakemeldingar til omsetjarane undervegs, og drøfta den nye bibelomsetjinga før ho var ferdig.

– Dette blir den nye folkebibelen, seier bibelvenen, generalsekretæren, forkynnaren, politikaren og bibelskulelæraren, Karl Johan Hallaråker, då han som første person i Noreg fekk den nye, store predikantbibelen i skinn av generalskretær Stein Mydske. 

Utdelinga av fortenstmedaljen skjedde på Bildøy Bibelskole i Bergen ved assisterande fylkesmann i Hordaland, Rune Fjeld.

Stor Bibel i sort skinn med myke permer, NYN

Dei store bibelutgåvene
kan tingast i Nettbokhandelen