Gå til innhold

46 Da sa Maria:

Følg tekstane i kyrkjeåret på www.bibel.no

Foto: Følg tekstane i kyrkjeåret på www.bibel.no

På nett med tekstane i kyrkjeåret

25. november 2011.

Nytt og forbetra verkty for alle som treng tilgang til tekstrekkjene for Den norske kyrkja.

Samstundes med publiseringa av dei nye tekstrekkjene har Bibelselskapet også lansert eit nytt og hendig verkty for at brukarane enkelt skal kunne finne fram til dei fire tekstane for kvar kyrkjeårsdag.

Tekstane for komande søndag vil alltid kome opp som standardval, men med berre nokre tastetrykk kan ein finne fram både til tidlegare tekstar, men óg til tekstane for komande søndagar heilt fram til kyrkjeåret 2022/2023. Navigeringa skjer frå nedtrekkslistene som ligg i toppen av sida. Her kan ein óg velje mellom visning på nynorsk og bokmål. Bibelteksten er henta frå den nyaste bibelomsetjinga, Bibel 2011.

Dersom ein vil lese tekstane i omsetjingane frå 1978/85 eller 1930/38 får ein opp desse ved å velje ønskt språk og omsetjing i Nettbibelen - og deretter gå attende til Tekstane i kyrkjeåret. 

Dei ulike tekstane for kvar dag er merka med avkortingar, der P står for preiketeksten, L1 for første lesetekst, L2 for andre lesetekst og F for forteljingsteksten. Ved å klikke på dei ulike faneblada blir den valde teksten presentert på sida.

Dei nye tekstrekkjene for Den norske kyrkja blei vedtekne av Kyrkjemøtet i april 2011 og gjeld frå 1. søndag i advent 2011.

Vi vonar at det nye verktyet blir flittig brukt, gjerne saman med tekstboka som ein kan tinge i Nettbokhandelen.