Gå til innhold

6 Herren sa til Kain: «Hvorfor er du harm, og hvorfor ser du ned?

24. januar 2012 blei Bibelselskapet i Sør-Sudan stifta. Biletet syner ei gruppe kyrkjeleiarar med den nyutnemnde generalsekretæren, Dr Edward Kajivora ytst til høgre. (Foto: Dei sameinte bibelselskapa)

Foto: 24. januar 2012 blei Bibelselskapet i Sør-Sudan stifta. Biletet syner ei gruppe kyrkjeleiarar med den nyutnemnde generalsekretæren, Dr Edward Kajivora ytst til høgre. (Foto: Dei sameinte bibelselskapa)

Krigsherja land får sitt eige bibelselskap

08. februar 2012.

Det nyaste landet i verda, Sør-Sudan, har fått sitt eige bibelselskap. Etter mange år med borgarkrig har det nystifta bibelselskapet mykje å ta fatt i.

Uro og utryggleik pregar landet, og valdelege konfliktar ulmar under overflata. I Sør-Sudan har det nye bibelselskapet mange utfordringar. I samarbeid med Det Amerikanske Bibelselskapet blei det nyleg gjennomført ein workshop som hadde til føremål å utdanne kyrkjeleiarar i traumerådgiving. Med enkle verkty blir kyrkjeleiarane rusta til å hjelpe menneske i naud, og det er grunnleggjande viktig i eit land som er øydelagt etter to tiår med borgarkrig.

Konflikten eskalerar
– Nasjonen vår har enno ikkje opplevd fred, verken innanfor eller utanfor landegrensene, seier generalsekretæren i det nye bibelselskapet, Dr. Edward Kajivora.
– 21 år med borgarkrig har sett djupe spor og lagt våpen i hendene til folket. Kampane mellom dei etniske gruppene har blitt meir valdelege og vanskelegare å kontrollere for regjeringa. Dei verste samanstøyta er mellom Lou-Nuer-stamma og Murle-stamma, som stel kveg frå kvarandre, bortfører kvinner og born, og set fyr på heile landsbyar.
Den interne konflikten er ikkje ny. Stammer og etniske grupper har alltid slost om kveget, som er særs verdfullt i eit samfunn som Sør-Sudan. Ifølgje Dr. Kajivora vil valden i landet bli verre om ein  ikkje tek drastiske metodar i bruk. Bibelselskapet og det felleskyrkjelege kristne rådet gjer alt dei kan for å skape forsoning og stagge valdsbruken. Mellom anna held kyrkjene særskilde møter med song og bøn.

Krigen opna vegen til Jesus
Ei viktig oppgåve for Bibelselskapet er å vitje dei såra på hospitalet i hovudstaden Juba.
– Vi prøver å gi ro og trøyst til dei som er såra ved å tale og be saman. Dei er glade og takkar oss når vi kjem, sier Dr. Kajivora og held fram:
– Ein innlagd mann fortalde at krigen hadde ført han til Jesus. Han hadde aldri før opplevd at han kjende Jesus, men den vanskelege krigstida hadde brakt dei saman. Ettersom han verken kunne lese eller skrive hadde han heller aldri fått lese i Bibelen, fortel Dr. Kajivora.
Meir enn 80 prosent av folket i Sør-Sudan er analfabetar. Ein heil generasjon har mista skulegong og utdanning grunna dei mange åra med krig. Mange unge slentrar rundt i gatene utan ha noko å gjere, og ofte resulterer det i kriminalitet. For Dr. Kajivora er det klart at dei unge treng stønad, rettleiing og høve til utvikling.

Artikkelen held fram nedanfor biletet

Optimismen er på veg attende i Sør-Sudan. Her transporterer nokre gutar vatn i hovudstaden Juba. (Foto: Dei sameine bibelselskapa)
Optimismen er på veg attende i Sør-Sudan. Her transporterer nokre gutar vatn i hovudstaden Juba. (Foto: Dei sameine bibelselskapa)

Bombeherja hovudkvarter
Samstundes med at Bibelselskapet gir hjelp til andre, har dei tilsette sjølv bruk for hjelp. Med base i eit bombeherja varehus er tilhøva langt frå optimale.
Det er verken elektrisitet eller Internett-samband. Dei tilsette har bruk for skikkelege kontortilhøve, tilskott av tekstar og bøker, solceller og køyrety, fortel koordinatoren frå Dei sameinte bibelselskapa, David Hammond.
Det er altså mange prosjekt å gripe fatt i for Bibelselskapet. Men trass i mange utfordringar er det mykje optimisme og store draumar i det spirande landet.

Les meir:
Dei sameinte bibelselskapa skriv om det nye bibelselskapet i Sør-Sudan.