Gå til innhold

1 En salme av David.

Herren er min hyrde,
jeg mangler ikke noe.

«Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var» (Matt 2,9)

Foto: «Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var» (Matt 2,9)

Julehelsing frå Bibelselskapet

21. desember 2012.

Bibelselskapet ønskjer alle ei fredfull og velsigna julehøgtid, og godt nytt år.

Bibel.no tek ikkje juleferie. Daglege bibelord blir oppdaterte heile jula igjennom. For dei mange søn- og heilagdagane i jula finn du særskilt tilrettelagde meditasjonstekstar i form av Ordets Skole.

Bibelen i høgtidene inneheld bibelreferansar og omtale av adventstida, julaftan og juledagane - og for nyttårsdagen som òg er Jesu namnedag.

Bibelselskapet nyttar òg høvet til å takke for forbøn, gåver og lojal stønad til det store og viktige arbeidet som blir drive, både i Noreg og internasjonalt. Med hjelp frå trufaste norske bibelvener har vi von om stadig å kome nærare visjonen vår: «Å gje menneske Guds ord på eit språk dei skjøner til ein pris dei kan betale.»

God jul!

«Barnet som forandret verden» (Utsnitt fra «Adoration of the Child» av Gerard von Honthorst (1600-tallet), Uffizi-galleriet, Firenze.)
Les mer om bakgrunnen for de kristne høytidene: