Gå til innhold

15 En av gjestene som hørte dette, sa til ham: «Salig er den som får sitte til bords i Guds rike.»

Foto:

Skir stille

08. august 2013.

«Kanskje var det ikkje popduoen Simon & Garfunkel som fann opp 'Sound of Silence'».

På eit kritisk punkt i forteljinga om Elia i Første Kongebok har profeten tatt tilflukt i ei hòle i øydemarka, ved fjellet Horeb. Da lovar Herren å vise seg for han. Det kjem ei rad veldige naturfenomen, men Herren er ikkje å finne. Så heiter det endeleg, i 1 Kong 19,12: «Etter elden – qôl demamâ daqqâ.» Og i neste vers: «Og Elia høyrde, og han dekte andletet med kappa si, gjekk ut og stilte seg i hòleopninga.»

Herren viser seg ikkje for Elia verken i stormen, i jordskjelvet eller i elden. Men han viser seg «i lyden av ei (syl)tynn stille». På hebraisk står det berre tre ord: Lyd – stille – (syl)tynn. Kva tyder så det? Det er alt anna enn klårt. Omsetjargruppa streva lenge for å finne ei god attgiving på norsk. Ein stod på mange måtar framfor eit paradoks. Kan ein høyre ei stille? Ja, kanskje var det ikkje popduoen Simon & Garfunkel som fann opp «Sound of Silence». Kva tyder det at stilla er svært tynn eller syltynn? Tyder det til dømes at ho er skjør? At ho er rein eller klår? Kanskje er det slik at gudsopenberringa er meir omfattande enn det menneskelege ord kan få sagt og derfor berre kan bli uttrykt ved eit paradoks?

Løysinga «lyden av ei linn susing», som omsetjinga av 1978 hadde, meinte omsetjargruppa var for fri. I Bibel 2011 blei løysinga på bokmål «lyden av skjør stillhet» og på nynorsk «lyden av ei skir stille». Bokmålsordet «skjør» og nynorsk-ordet «skir» betyr to ulike ting, men begge er gode forsøk på å gi att på norsk dei hebraiske orda «lyden av ei tynn stille». Ei viktig inspirasjonskjelde ligg i den mykje brukte engelske New Revised Standard Version, som har «a sound of sheer silence».

Det kan nok vere at omsetjarane òg blei tekne av klangen i det nynorske uttrykket «skir stille». Dette kan ha medverka til valet av eit ord som elles er lite nytta i moderne nynorsk. I alle fall har begge dei norske versjonane no greidd å ta vare på eit trekk ved den hebraiske teksten som ofte går tapt: Bokstavrimet.
Allitterasjon med to d-ar har dei rett nok ikkje fått til, vi må nøye oss med ulike s-lydar.