Gå til innhold

72 Han viste miskunn mot våre fedre
og husket på sin hellige pakt,

Papyrus Osloensis, gjengitt med tillatelse fra Universitetsbiblioteket Oslo.

Foto: Papyrus Osloensis, gjengitt med tillatelse fra Universitetsbiblioteket Oslo.

Miniatyrboka frå Egypt

06. desember 2013.

Dei siste hundre åra er det gjort mange funn som viser korleis Det nye testamentet såg ut i den første kristne tida. Desse funna er like viktige for NT som Dødehavsrullane er for GT, men dei er mindre kjende. I den nye serien «Bibelske funn» presenterer vi nokre av dei.

Vi startar med eit funnsom er svært interessant, både fordi det blir lagra i Oslo, og fordi det har ei gripande historie å fortelja. Det ber namnet Papyrus Osloensis 1661 og er ein del av papyrussamlinga til Universitetet i Oslo. I NT-forskinga har det fått namnet Papyrus 62.

Frå 1910 og fram til slutten av 1930-talet reiste professorane Samson Eitrem og Leiv Amundsen fleire gonger til Egypt og kjøpte inn gamle papyrusmanuskript. Samlinga til Universitetet i Oslo inneheld i dag over 2200 av dei.

Eit av desse er 13 arkav ei miniatyrbok på 6 x 7 cm. På arka står to korte tekster. Fyrst står Matt 11, 25-30, med dei kjende orda «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera». Så kjem lovsongen som venene til Daniel song då dei var i eldomnen, frå den apokryfe boka Tillegg til Daniels bok, kapittel 3, 50-55.

Professor Amundsen daterte manuskriptet til 300-talet e.Kr. Han meinte at den vesle boka vart boren i ei snor rundt halsen, til vern mot det vonde. «Men det kan naturligvis også ha vært for å bære den skjult i en tid hvor kristendommen ennå ikke var fullt ut lovlig og akseptert», skriv universitetsbibliotekar Gunn Haaland i artikkelen «Magiske papyrer».

Dersom boka er frå den fyrste delen av 300-talet, er det ikkje rart om ho måtte berast løynd: I åra 303-313 gjennomførte keisar Diokletian ei hard forfølging av den kristne trua. Alle bibelske bøker var forbodne og skulle brennast. I slike tider er det ikkje rart om dei kristne laga seg små bøker, med korte tekstutdrag som gav trøyst og mot.

I dag kan vi undre oss over kven han eller ho var, som bar den vesle boka i Egypt for 1700 år sidan. Orda om å koma til Jesus, og orda frå lovsongen midt i eldomnen, var ei hjelp til å halde ut i forfølgingane. På same måten gjev orda frå Bibelen mot til forfølgde kristne, også i dag.