Gå til innhold

8 Da Den høyeste ga folkeslagene land
og skilte menneskene fra hverandre,
satte han grenser mellom folkene
etter tallet på Israels sønner.

Anders Aschim, tidligere bibeloversetter i Det norske Bibelselskapet, er professor i ide- og kristendomshistorie ved institutt for religion, livssyn og kyrkjefag i Volda.

Foto: Anders Aschim, tidligere bibeloversetter i Det norske Bibelselskapet, er professor i ide- og kristendomshistorie ved institutt for religion, livssyn og kyrkjefag i Volda.

Frå bibelomsetjar-verkstaden: «Sysken»

06. desember 2013. Anders Aschim, frå «Bibelen 3.0», Verbum 2013

«Bibelen er ei patriarkalsk bok», blir det ofte hevda. Det stemmer at menn tar stor plass i Bibelen, og at kvinner er mindre synlege. Men det kan òg hende at kvinnene har fått mindre plass i bibelomsetjingane enn dei burde ha hatt.

Det greske hankjønnsordet adelfós er svært vanleg i Det nye testamentet, der det er nytta 343 gonger. Ordet tyder «bror», og slik har det i regelen vore omsett i norske biblar. Det finst eit tilsvarande hokjønnsord med tydinga «syster», adelfæ. Det førekjem berre 26 gonger i Det nye testamentet. Tilsynelatande er dette ein talande illustrasjon av den manglande balansen mellom kjønna og usynleggjeringa av kvinner i Bibelen.

Orda for «bror» og «syster» blir ikkje berre nytta om dei næraste slektningane av same generasjon. Menneske som høyrer til same gruppe eller nasjon, kan òg omtalast slik. Her finst det modellar i Det gamle testamentet, i uttrykk som «din neste og din bror» (sjå til dømes 5 Mos 15,2). I dei kristne kyrkjelydane blei det snart vanleg å omtale dei medkristne som «brør» og «systrer», noko Paulus gir meir enn hundre døme på.

No manglar gresk, til liks med engelsk og ei rad andre språk, eit felles ord for sysken av begge kjønn. Det ser ut til at fleirtalsforma adelfói, «brør», også kan nyttast i denne tydinga. Fenomenet er velkjent, også frå andre språk. Hankjønnsordet «løve» kan tyde «hannløve», men oftare blir det nytta om arten med det latinske namnet panthera leo, utan at kjønnet på det enkelte individet er i fokus. «Løvinne» kan derimot berre nyttast om ei «holøve».

Alt i 1978/85-omsetjinga av Bibelen er adelfói på fem stader omsett med «sysken», ikkje med «brør». I Rom 8,29 heitte det: «Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken.»

Frå kvinneteologisk hald blei det argumentert overtydande for at dette òg burde gjelde svært mange andre stader i nytestamentet. Det er til dømes tydeleg at kvinnene Evodia og Syntyke i Fil 4,2 er inkluderte i tiltalen adelfói i verset før. I Bibel 2011 er adelfói omsett med «sysken» i 153 tilfelle.

Det har vore stor semje om dette grepet, men det har likevel vore mange diskusjonar om avgjerder i enkelttilfelle. For somme er det problematisk å bruke «sysken» som tiltaleform, andre finn at det fungerer godt. I Bibel 2011 er det vanleg, eit døme blant mange er 1 Kor 2,1: «Då eg kom til dykk, sysken, var det ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom eg forkynte Guds mysterium.»

Det finst òg tvilstilfelle der valet mellom «brør» og «sysken» kan vere vanskeleg. I Apg 13,15 er omsetjinga «brør» vald fordi det er tydeleg at ordet er nytta om eit følgje av menn. Når Peter talar til ei stor forsamling av jødar frå heile verda på pinsedagen i Apg 2,29, nyttar han tiltalen ándres adelfói, «menn (og) brør». Uttrykket førekjem berre i Apostelgjerningane. Det er omsett «brør», sjølv om vi sikkert kan rekne med at det var kvinnelege tilhøyrarar til talen.

Frå Anders Aschim: «Bibelen 3.0», Verbum 2013.
Trykt med løyve frå forfattaren. «Bibelen 3.0» vart i oktober 2013 teken inn under Kulturrådets innkjøpsordning for nynorsk sakprosa.