Gå til innhold

2 Vær utholdende i bønn, våk og be med takk til Gud!

St. Olavs orden til Turid Barth Pettersen (foto: Dag Kjær Smemo)

Foto: St. Olavs orden til Turid Barth Pettersen (foto: Dag Kjær Smemo)

- Ei glede å bli sett

10. desember 2013.

24.oktober vart Turid Barth Pettersen tildelt utmerkinga Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, for sin innsats for norsk kyrkje- og samfunnsliv.

Ansvaret hennar for omsetjinga av Bibel 2011 er ein viktig del av bakgrunnen for utmerkinga. Men kva tenkjer Turid sjølv?

- Det er ei glede å bli sett.Men det er viktig for meg å dele denne æra og gleda med alle eg har jobba saman med.Vi er jo så mange som har arbeidd med Bibel 2011.Men eg ser på utmerkinga som eit høve til å seia noko om det store prosjektet vårt.Og det interessante er at Bibel 2011 blir lagt merke til internasjonalt gjennom dette.Utmerkinga gjer at eg blir spurd om korleis ein skal både omsetja og lansere ein ny bibel.

Turid var forlagssjef i Bibelselskapet og Verbum frå 1997 til 2012,og dermed administrativ leiar for arbeidet med Bibel 2011. Men ho var også djupt involvert i arbeidet med sjølve teksta.No er ho kontaktperson for 11 nasjonale bibelselskap i Europa og Midtausten.Tidlegare har ho vore både misjonær i Brasil og forlagsredaktør for norsk skjønnlitteratur i Aschehoug.

- Det var fantastisk å få arbeide med store forfattarar i Aschehoug,så det var eit stort steg å reise til Brasil.Men det var ei velsigning å vera der. Folk spurde korleis eg kunne ofre ein god jobb for å reise til slummen, men eg opplevde at eg fekk uendeleg mykje meir tilbake. Brasil gav meg eit perspektiv som har vore med meg sidan,og det er at menneske er viktigare enn ting. Å høyre og sjå menneske få håp på nytt – det er noko du aldri gløymer. Tida i Brasil kvelva ein himmel over livet mitt og har kasta lys over vala mine vidare i livet.

- Ser du ein tråd i korleis det eine i livet har gjort deg klar til det neste? - Ein ser det etterpå. Då eg kom til Bibelselskapet og Verbum,skjøna eg at eg kom til å få bruk for alt eg hadde lært i både Brasil og Aschehoug.Eg ser ein samanheng, ein plan,om ein tør å bruke slike ord. Eg har aldri lagt ein slik plan,men livet viser seg å ha ein samanheng.

- Er det noko i Bibel 2011 som du er spesielt godt nøgd med?

- Eg synest at endringane i Fadervår er viktige, særleg bøna «la oss ikke komme i fristelse». Eg forstod aldri den gamle ordlyden. Det har vore godt å kunne be den sjette bøna i Fadervår,slik som ho er no – ei bøn om å bli spart for å koma inn i noko øydeleggjande.

- Meir generelt er eg glad for at språket kommuniserer godt med alle aldrar, frå oldemødrer til oldeborn.Vi får mykje tilbakemelding frå folk som seier at det er godt å lesa Bibelen. Dette var sjølvsagt målet med arbeidet,men når ein får høyre det,er det ei stor velsigning.

- Du brukar ordet «velsigning» fleire gonger?

- Ja,eg synest eg har vorte velsigna gjennom alt eg har fått vera med på.Ein kan ikkje rekne med at livet alltid skal vera enkelt – det har det heller ikkje vore – men ein kan likevel oppleva at ein har vorte boren,at ein kan kjenne seg trygg. Eg kjenner meg rik og ser attende med glede. Det verste ein kan seia,er vel at livet er utan meining.
Yrkeslivet mitt har vore rikt på meining.

Tekst: Hans J. Sagrusten